Fredag 02.07.10
 Hageeigaren sine venner og fiendar
 Skald forlag gir ut Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen, ei omfattande bok som skal vera til hjelp for alle som har frukthage, om det berre er snakk om nokre få tre i hagen eller ein stor fruktgard.
 – Fleire undersøkingar i det siste tyder på at mange ønskjer å flytta ut frå byen til eit hus på landet der ein kan ha sin eigen hage. Skal ein lukkast med å dyrka t.d. frukt og bær i eigen hage, er kunnskaper om dei organismar vi finn i nærmiljøet svært viktig å tileigna seg, seier forfattar Olav Sørum.
Dagens fokus på økologisk jordbruk og matproduksjon er sterkt, men mange lurer nok på korleis ein skal få det til i praksis. Denne boka er så å seia fri for tilråding om sprøyting og kjemiske tiltak, men vil hjelpa hageeigaren med å identifisera sjukdomar og skadedyr, samt gje enkelte råd om korleis ein kan unngå, eller bekjempa, desse i samarbeid med naturen sjølv.
Olav Sørum har heile sitt vaksne liv jobba som forskar og rådgjevar for profesjonelle frukt- og bærdyrkarar. Han har no skrive ned kunnskapen han har samla opp gjennom åra, og gjer informasjonen tilgjengeleg for oss alle gjennom denne boka. Boka har instruktiv og opplysande tekst og meir enn 680 illustrerande foto. Det er ikkje berre skadelege dyr og organismar me kan finna i hagen, naturen er full av dyr som er nyttige for vekstane våre. Bileta og tekstane i boka vil hjelpa oss med å identifisera kva dyr som er nyttige og kva dyr som gjer skade, og eventuelt kva sjukdom me har vore uheldige å få på tre og busker.
« TILBAKE ! |  | | Annonser |  | 
 | 
LITTERATURNYHETER FRA ANDRE MEDIER

 | 
 | 
 |
| |
 |
 | VELKOMMEN TIL BOKSTAVER.NO |  |  |  |  Litteraturavisen BOKSTAVER.NO tilbyr bransjerelaterte nyheter, godt bokstoff og anmeldelser. Daglige oppdateringer. Har du et tips, kan du sende en e-post til post(a)bokstaver.no.
|  |
 | SKRIV DIN EGEN BOKANMELDELSE PÅ BOKSTAVER.NO |  |  |  | Nå kan du skrive din egen bokanmeldelse i litteraturavisen BOKSTAVER.no. Bidrag som benyttes er med i trekningen av ti Flax-lodd. Forutsetningen for å bli med i trekningen, er at du oppgir full adresse ved registrering av bokanmeldelsen.

SKRIV ANMELDELSEN |  |
| NYHETSBREV | | Interessert i å motta nyhetsbrev fra litteraturavisen BOKSTAVER.no? Fyll inn e-postadressen din under, så sender vi deg relevante nyheter med jevne mellomrom! |
| ANNONSER |  | | |

|