Eit individualistisk verdisyn

18.05.2021
Eit individualistisk verdisyn
Lyrikkforlaget
Odd Nybø

Mange av tankane og spørsmåla i diktsamlinga «Individ» er tidlause ting som til alle tider vil angå livet vårt og være relevante.

 

Boka «Individ» har ein fri og personleg stil. Ho kopierer ikkje andre lyrikarar sine særpreg. Symbolikken og biletbruken er enkelte stader litt avansert, og kan kreve at ein brukar litt tid før ein forstår han. Å bruke tid på tolking, kan være lurt i nokre andre dikt og, der meininga blir sagt med få ord. Ein teknikk som også vert mykje brukt er monologtiltale. Ein talar med eit omgrep (f.eks. sanning), eller eit naturfenomen (f.eks. ein fjord) i personretta monolog.

 

Odd Nybø har alltid vært interessert i lyrikk og kort dikting. Han har budd fleire stader i Norge, no på Sotra ved Bergen, og han har stort sett jobba i fastlandsindustrien.

- Eg er ein heilt vanleg mann, som er gift og har to voksne barn. Eg var flink på skolen, men blei ikkje akademikar. Mitt største kunnskapsområde er Bibelen og bibelsk historie. Eg er no 67 år, fortel Nybø.

 

Ideen til denne boka fekk Nybø då han var 62 år og tok ut tidlegpensjon.

- Opp gjennom åra har eg laga nokre få dikt, og nokre av dei har berre vore ei skisse eg har hatt i hovudet. Dei har fungert som ein slags meditasjonsverktøy og ideanalyser, eller personlege livskommentarar. Som pensjonist skreiv eg dei ned, og skreiv då også nokre nye dikt, seier Nybø, som har hatt vesentleg ambivalens til dette med å gje dei ut.

- Men eg har langsomt forsona meg med tanken, smiler han.

 

Dikta handlar om oss menneske, og livet vårt. Gode, lette ting i livet. Men også nokre djupare, kompliserte spørsmål og grenseoppgangar. Nokre av dikta kommenterer trekk ved samfunnet og samfunnsutviklinga. «Individ» er ikkje meint som ei protestbok mot samfunnsutviklinga. Men inneheld vegringsanalyser og otte-ytringar. Boka er meint å skape refleksjon heller enn å være til belæring. Ho er relevant for alle menneske, fra elevar på vidaregåande til pensjonistar. Mange av dikta kan væra utgangspunkt for debattar i forskjellige fora.

 

Temaet individ speglar forfattarens individualistiske legning og verdisyn. Dette kjem mest til uttrykk i dikta som rettar seg mot samfunnet.

- Det finst ei bryting mellom enkeltindividet og det kollektivistiske i alt som vert organisert på jorda. Ei bryting som lett aukar med folketalet. Individet kan oppleve ymse fridomstap, som tap av ytringsfridom, valgfridom, deltakingsmåtar og privatliv m.m. Dei klokaste blant oss kan oppleve å bli gjort til statistar som aldri blir rådspurt. Kravet om effektivitet kan lett føre til overorganisering, forklarer forfattaren.

 

Heilt klare individdefinisjonar er ein føresetnad for at vi respekterer menneskerettane, meiner Nybø.

- Utydeleg og avkorta oppfatting av individomgrepet har ført til folkemord og overgrep. Eksempel på det er Hitlers raseteoriar, Pol Pot si klasseidealisering og kyrkjene sine argument til støtte for slavehandelen. Også i vår tid har vi debattar om individdefinisjonar, m.a. i synet på ufødt liv. Individualisme slik eg ser det, er respekt for alles fulle verdi, og deira rettigheiter. Ei tese kan væra:

Det finst ikkje massar

Det finst ikkje klassar

Men mange individ

Mai Britt Hareide

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...