Gleder og sorger i kvardagen frå ei anna tid

07.05.2013
Gleder og sorger i kvardagen frå ei anna tid
Aslaug Sveinsvoll

Vaksen alder er inga hindring for å formidle forteljarglede. Med novellesamlinga "Ved Kjøkkenglaset" held Aslaug Sveinsvoll (f. 1919) fram med å skrive noveller for born og unge. I fjor gav ho ut "Krim og kvardag i Hummarhamn".

- Det var litt spesielt med første boka; eg var både glad og overgjeven. Men har ein først dumma seg ut ein gong, går det lettare etter kvart. Eg har vel no bite hovudet av all skam, kjenner eg på. Etter at me blei pensjonistar, eg og mannen min, koste me oss svært med lang frukost. Då sat me ved kjøkkenglaset, på kvar vår side av bordet, og heldt nøye auga med omverda, både natur og folkeliv. Det som heiter “å nyta sitt otium”… No har eg ikkje kjøkkenglas lenger, men eg har det i tankane korleis det var, seier Sveinsvoll.

Kva dreiv henne?
- Eg måtte ha noko å gjera. Eg hadde fått vanskar med dårleg bein og nedsett syn, så det eg likte å driva på med, kunne eg ikkje lenger gjera, som til dømes hagearbeid, lesing og handarbeid. Eg vart lei av å snakka med meg sjølv, og byrja å festa litt fantasiar ned på datamaskina. Rekna ikkje med at nokon skulle lesa det, det var vel ein slags terapi? Hadde eg kunna lesa og driva med handarbeid, var det vel heller det eg hadde brukt tida på, utgreier Sveinsvoll.

Ho slår eit slag for nynorsken:
- Først skreiv eg berre for meg sjølv, tenkte ikkje på lesarar eller at det skulle ha nokon slags bodskap. Det var eine dottera mi, Berit, som sende første boka til eit forlag. No skriv eg for alle som vil lesa det. Men elles er eg interessert i å bidra til fleire barnebøker på nynorsk. Tykkjer det er altfor lite av den sorten hos bokhandlarar, medan det fløymer over av lette bokmålsbøker i bokhandlarar, kioskar, matvarebutikkar, ja, over alt, seier ho.
Ved kjøkkenglaset er ulik debutboka ved at tankane er frie til å gå der dei vil. Ho kunne gjera ferdig med ei forteljing og ta den neste når ideen kom, utan å måtte skriva alt i ein samanheng. Ho legg stor vekt på at bøker må vera spennande. Ikkje minst for born. Men spenning byggjer mykje på kjensler. Forfattaren må byggja opp, laga forventning om at noko særs må henda, gjera klar til å ta imot og forstå, leva seg inn i det som kjem, elles får det for lite vekt, blæs framom utan å setja spor. Tilsynelatande ender dei fleste novellene godt, men det stemmer ikkje helt. Lesaren kan la seg lura av at Sveinsvoll skyr unna store ord og overtydelege adjektiv.

Kva med familien som vart råka av bankkonkurs midt i dei harde 30-åra?
– Eg torer mest ikkje tenkja på kor fælt eg for åt med dei. Å “Ta ein dag om gongen” er inga trøyst, bare å sjå ulukka i auga, seier Sveinsvoll, som medgir at novellene “Ansvar”, “Flink jente” og “Sommar” er sjølvopplevde, medan dei andre meir er bitar av tankar og idear ho har spunne vidare på. Mange historier handlar ofte om tida før ho vart fødd, eller før ho hadde retteleg kjennskap til det som skjedde. Mykje kan vera vridd på i hovudet hennar.

Meir konkret om meininga i novellene seier ho følgjande:
- Eg trur eigentleg ikkje at ein finn nokon livsfilosofi hos meg. Emna varierer. Til dømes er ”Ormen i Hagaberget” om mobbing og vennskap, og “Ansvar” om katten som skjønar at det ikkje er bra med altfor mykje omsorg heller. I ”Flink jente” skildrar eg det gode barndomsminne som sit lenge, medan ”Blanda kjensler” tek føre seg svigermor/svigerdotter problematikk: Mor meiner “du må vera gild med guten min; du er jammen heldig”, og jenta synes vel “det er han eg har gifta meg med, ikkje heile slekta!”

Ho får ein idé, og så spinn ho på den, kanskje mest på nettene. Då er ho, som alle andre, minst kritisk og lét fantasiane strøyme på:
- Skriveprosessen gjekk mykje fram og tilbake. Eg skreiv om og omformulerte. Eg kjende eg brukte meir og meir tid på å leita etter rette uttrykk. Mitt manglande syn gjorde det nødvendig med mykje rettearbeid og endring. Ikkje var eg så van med PC heller, og min er nok gått litt ut på dato, og gjer iblant slik han sjølv vil. Eller det kan vera eg som brått har trykt på ein tast og fått sider til å forsvinna.
Eg har ingen førebilete. Men eg likar godt å lesa frå Gabriel Scott om fiskaren Markus. Og ikkje minst "Det gyldne evangelium". Han har slik ein logn og godlynt humor. Eg likar også godt skrivestilen til Hamsun; så uhøgtideleg. Og eg er imponert av Fønhus, til dømes "Trollelgen" der han klarer å halda spenninga oppe gjennom heile boka, seier ho til slutt.

Spenning blanda med stemning lukkast ho særs godt med sjølv.

Christian W. Holst

Stikkord i denne artikkelen
Aslaug Sveinsvoll,

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...