Nytt storverk om Oselvaren

21.10.2016
Nytt storverk om Oselvaren
Oselvar – den levande båten

Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og vart i 2015 nominert til UNESCO-lista for gode vernepraksisar i immatrielt kulturvern av Det Norske Kulturdepartementet. I samband med dette gir Skald forlag og Oselvarklubben ut praktboka Oselvar – den levande båten.

 Denne tradisjonelle klinkbygde trebåten har vore i bruk i mange hundre år langs den sørvestlandske kyststripa, og båttypen har røter fleire tusen år attende. Oselvar-begrepet stammar frå Os i Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Ryvarden i sør til Sognefjorden i nord, men ein finn døme på bruk langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Oselvaren har i tillegg vore nytta som sportsbåt heilt i frå 1800-talet, og er i dag framleis nytta som fritidsbåt.
 Til skilnad frå mange andre tradisjonsbåtar er Oselvaren ein båt med levande byggje- og brukstradisjon. Privatpersonar kan tinga seg ein heilt ny båt, og det vert arrangert ei rad regattaer med Oselvar-NM som det årlege høgdepunktet. Det vert stadig arrangert kurs i båtbruk og stell av ei rekkje lag og organisasjonar som arbeider aktivt for å vidareføra den handlingsborne kunnskapen. Kjell Magnus Økland, forfattar av boken, forklarer korleis dei har lukkast i dette arbeidet:
– Noko av nøkkelen til at Oselvaren framleis er så aktuell heng saman med at båttypen, både for årer, segl og motor, har alle dei kvalitetane nymotens båtbrosjyrar lovpriser. Oselvaren er sjødyktig, trallbar, letthandterleg, turvenleg og fleksibel. Med nokolunde stell varer båtane svært lenge, og same båten kan gje nær-sjødn-opplevingar til både to, tre og fire generasjonar båtbrukarar. Det må jo vera ei fornuftig investering i livskvalitet!

Men treng me framleis Oselvaren i dagens moderne samfunn?  
– Ja, sjølvsagt gjer me det. Me treng å vita kvar me kjem frå for å ta gode val om kvar me skal. Dei klinkbygde båtane er berekraftige produkt som byr på opplevingar for alle sansane. Det tilfører dessutan meining og innhald til eit produkt når du veit at materialane er lokale, at handverkarane skreddarsyr båtane og utstyret til dei. Oselvaren byr deg med på opplevingar gjennom heile livet: barna som lærer å ro, ungdomane som lærer å segla, høg puls for dei som jaktar på adrenalin-opplevingar eller langsam dorging for dei som vil roa ned. Båten er ein arena for livslang læring der du er aktør og ikkje tilskodar, utdjupar forfattaren.
 Praktboka utgjer den fyrste samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette stoffet har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, gamle og nye fotografi, tabellar, kart, figurar og teikningar. Vidare rommar boka folkloristisk stoff med eit stort persongalleri samt ei rekkje element kring immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap. Boka speglar kyst-, idretts- og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire århundre, med avstikkarar langs heile Norskekysten og til utlandet. Fokuset i boka er òg framover i tid, med praktiske råd til nye båtbrukarar. Ho er med med andre ord ein kunnskapsbank og eit oppslagsverk for både den nyfikne og for fagpersonar.
 Forfattar Kjell Magnus Økland har hatt god støtte undervegs frå Oselvarklubbens bokkomite; Finn Totland, Kjell Milde, Kjell Totland og Helge Kaurin Nilsen. Hallgeir Forstrønen Bjørnevik har teikna nærare 100 illustrasjonar spesielt for boka og Sverre Mo har laga kart og figurar. Vidare har ei lang rekkje miljø innan båtbygging, seglforeningar, kystlag, roklubbar, historielag, museum, arkiv og enkeltpersonar bidrege med bilete, stoff og opplysningar. Storverket er forlaget si tyngste bok til no på nær 3 kilo, og vil bidra til auka forståing av den sentrale plassen båten har hatt i den nasjonale kultursoga.

Boka vert lansert torsdag 20. oktober klokka 18.00 på Torget i Bergenog ombord i ferja Showtime.

 

 

Anna Hovhannisyan

Nyheter

Musikken reddet norske jøder  fra gasskamrene -  Av Jørn-Kr. Jørgensen, forfatter

Musikken reddet norske jøder fra gasskamrene ...

Det er 80 år siden 532 jøder stevnet ...

Lyst mørke vant Årets Ulest

Lyst mørke vant Årets Ulest

Torsdag ble det klart at årets vinner ...

Det lille følelsesspillet - SPILL

Det lille følelsesspillet - SPILL

Spillet som styrker båndet mellom deg ...

Mobilfri jul

Mobilfri jul

Å se noen, virkelig se dem, høre ...

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forleggerforeningen

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forl...

Forleggerforeningens direktør Kristenn ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...