Nytt internasjonalt verk om nordatlantisk tekstilarv

11.01.2017
Nytt internasjonalt verk om nordatlantisk tekstilarv
Nytt internasjonalt verk om nordatlantisk tekstilarv

Oppstadveven er ein svært gamal og særeigen vevtype som ein finn i heile den nordatlantiske tekstile kulturarven. Rett før jul kom boka The warp-weighted loom, ein tverrfagleg presentasjon som fortel tre nasjonale historier om veven, frå Norge, Island og Shetland. Hovudspråk i boka er engelsk, med norske og islandske oppskriftstekstar.

Frå 2010 heldt Osterøy museum ei rekkje praktiske kurs i vestnorsk åklevev på oppstadvev. Boka er eit resultat av det tverrfaglege samarbeidet som oppstod mellom islandske Hildur Håkonardottir, shetlandske  Elizabeth Johnston og Marta Kløve Juuhl frå Norge. Men kvifor treng vi ei bok om noko som er nærast heilt gløymt? Ein av forfattarene, Auður Hildur Hákonardóttir, utdjupar det slik:

– Vi kjende alle tre ein trong til å løfte fram den kvinnelege delen av historia vår. At vi i tillegg er frå tre ulike land, meinte vi kunne gje eit vidare og sammanliknande blikk på eitt og same fenomen.  Boka er eit forsøk på å tilføra eit kvinneleg perspektiv og å å tøye reglane som skil ulike disiplinar frå kvarandre. Bidrag frå både handverkarar og akademikarar håpar vi kan bringe nytt liv til den eldgamle tekstilkunsten. 

I tillegg til dei tre forfattarane bidreg fleire forskarar med artiklar som fokus på tekstil og immateriell kulturarv. Oppstadveven, som er den norske tittelen,omfattar både eit historisk oversyn over denne delen av den nordatlantiske tekstile  kulturarven, rettleiande framgangsmåtar og oppskrifter på korleis ein skal kunna veva, samt innsikt i korleis gamle og gløymde vevemåtar kan få nytt liv gjennom praktisk og utøvande forsking. Gjennom å plassera oppstadveven i både ein historisk kontekst og ein kulturvernkontekst  bidreg boka til å sikra og vidareføra kunnskap om produksjon, bruk av reiskap og produkt, samt inspirera til eigen veving og produksjon.

Oppstadveven er eit samarbeid mellom SKALD og Museumssenteret i Hordaland. Redaktørar for boka er Atle Ove Martinussen og Randi Andersen.


Atle Ove Martinussen er utdanna historiker ved Universitetet i Bergen, og har lang erfaring frå museer og kulturminnevern i Norge og i utlandet. Han er direktør ved Museumssenteret i Hordaland og har tidlegare arbeidd i 20 år ved Norsk håndverksinstitutt, no ein del av Lillehammer museum. Han har skrive fleire artiklar om immateriell kulturarv, overføring av tradisjonell handbåren kunnskap, innovasjon og teknologi i norske og internasjonale tidsskrift. Martinussen har gjennom sitt arbeid hatt særleg fokus på overføring av handverksdugleik og immateriell kulturarv, med vekt på utvikling og verdiskaping. Martinussen er redaktør for boka Oppstadveven.

Randi Andersen er seniorkonservator og tidligare avdelingsleiar ved Osterøy museum, Museumssenteret i Hordaland. Ho er historikar med spesialisering i etnologi og kunsthistorie. Andersen skreiv bindet om mellomalderen i lokalhistoria til Gausdal og første bind i lokalhistoria til Arna (frå dei tidlegaste tider til 1840), samt boka Brakakledde bygningar i Hordaland og andre artikler om lokal historie. Andersen er redaktør for boka Oppstadveven.

 

 

Anna Hovhannisyan

Nyheter

Mer blod i landsbyen

Mer blod i landsbyen

Det er duket for mye krim og mystikk når ...

En rubel til overs …

En rubel til overs …

Kunne det være slik at jeg etter siste ...

Man blir trolig aldri utlært i farskap!

Man blir trolig aldri utlært i farskap!

Dette er en dikthåndbok for ferske fedre, ...

Gruble litt, kjenne på følelser og være takknemlig for det vi har

Gruble litt, kjenne på følelser og være takknemlig ...

– Jeg ønsker å få folk til ...

Tidligere maskør og dekorkonsulent i NRK, Wenche Johansen, debuterer med Langs eit liv

Tidligere maskør og dekorkonsulent i NRK, ...

- Flere av diktene spinner rundt hverdagslivet ...

Anmeldelser

Kulturperle om Grønland kirke i Oslo

Kulturperle om Grønland kirke i Oslo

Er en bok om et kirkejubileum dømt til ...

De små barnas professor

De små barnas professor

Ola Didrik Saugstad heter mannen som i så ...

Interessant om spionasje og etterretning

Interessant om spionasje og etterretning

Jo da, det er interessant å lese Trine ...

Fantastisk bra om hinduismen

Fantastisk bra om hinduismen

Under en legekonsultasjon for noen år ...

En krigsseilers traumer

En krigsseilers traumer

Opplevelser fra barndommen og inntrykk fra ...