Fosses Edda-versjon i bokform

03.03.2017
Fosses Edda-versjon i bokform
Fosses Edda-versjon i bokform

Gudedikta i det som i dag vert kalla Den eldre Edda, har levd i folkemunne i uviss tid før dei blei skrivne ned på Island på 1200- og 1300-talet. No har vår samtids nasjonalskald, Jon Fosse, gitt dikta si personlege form.

Fosse vart beden om å skriva ein scenisk versjon av gudedikta i Den eldre Edda av Det Norske Teatret. Etter noko tviking takka han ja til oppgåva, og laurdag 4.mars har stykket premiere i Oslo. Samstundes kjem verket i si heilskap ut i bokform på SKALD forlag.
– Det fyrste eg gjorde var å gå i gang med å læra meg noko norrønt. Men den versjonen eg har skrive byggjer på dei tre omsetjingane som ligg føre på norsk. Frå Ivar Mortensson-Egnud, over Ludvig Holm-Olsen og til Knut Ødegård. Det er deira arbeid som dannar grunnlaget for mitt.

Fosse sin sceniske versjon byggjer på fleire av dei kjende dikta som Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar og han fortel at det mest krevjande med arbeidet var å få til ein samanheng, ein heilskap, på same tid som han korkje ville endra, eller skriva til, for mykje.
– Det seier seg sjølv at mykje måtte strykast, og noko måtte endrast. Men mindre enn eg frykta fordi desse tekstane, som ein ofte tenkjer på som dikt, heller er små teaterstykke sette saman av dialog.

Flyt, i både språk og meining, må til for at dikta skal fungere i ei teateroppsetting og Fosse har korkje hengt seg opp i versemål, stavrim eller kenningar, noko han trur gjer dikta tilgjengelege på ein «moderne» måte.
– Eg vonar boka gjev ein rimeleg grei innføring i desse gamle gudedikta, som kan vera vanskelege å skjøna. Eg trur det er lettare å lesa dikta etter at ein har lese mi sceniske tillemping.

Når Det Norske Teateret no opp Edda er det kun delar av Fosse sin versjon som vert spelt.
– Det er fordi teateret var så heldig å få Robert Wilson, kanskje den mest kjende teaterinstruktør i verda, til å setja i scene. Eg har stor sans for teaterspråket til Robert Wilson, det finst ikkje maken. Hans teaterspråk er heilt unikt, og skulle det verta plass til det, ja så kunne ikkje min versjon spelast i si fulle lengd.

Men den heile og fulle versjonen kan altså lesast i bok.

Jon Fosse(f. 1959) kjem frå Strandebarm og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. Han er ein av Noregs viktigaste, nolevande forfattarar og dramatikarar og har stort renommé både i inn- og utlandet, kor dei litterære verka hans er omsette til over 40 språk. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker og ei essaysamling.
I 1993 debuterte han som dramatikar. Skodespela blei hans store internasjonale gjennombrot og er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett. I 2015 vann han Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien. 

 

 

Anna Hovhannisyan

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...