Mangfald frå SKALD

24.09.2015

Haustlista frå SKALD byr i år på bøker som løftar fram ulike delar av den rike norske kulturarven.

Praktverk frå Valdres om norsk folkedrakthistorie
Draktskikken i Norge har røter langt attende i tid og vidt utanfor landegrensene. I det nye storverket Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise fortel forfattar Magny Karlberg om samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Den rikt illustrerte boka utvidar forståinga av draktskikken i heile Norge med utgangspunkt i folkedraktene frå Valdres. For allment interesserte, og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria, er dette ei etterlengta bok og eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.

Den ukjende historia om ein av dei viktigaste fotografane i Norge
Mange har sett Knud Knudsen sine fotografi frå 1800-talet av landskap og folk i Norge. Bilda hans heng på museum, hotell og kulturminnesmerke over heile landet. I september, hundre år etter at han døydde, gir SKALD Forlag ut boka Knud Knudsens album som utgjer eit meir personleg portrett av fotografen, skrive av forfattarparet Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen. Den biografiske fotoboka presenterer eit stort utval av fotografia til Knudsen, samt til no ukjende brev, som gjer lesaren betre kjend med fotografen og samtida hans. Knudsen var ein av landets tidlegaste fotografar, og han har etterlate seg ein dokumentasjon utan sidestykke i norsk fotohistorie. Aldri før har så mykje informasjon om denne nasjonalt og internasjonalt kjende fotografen vore samla i bokform.

Ny historisk fotobok om Bergen i Edvard Griegs tid
For alle med hjarte for Bergen kjem i oktober ein skikkeleg godbit. Edvard Grieg (1843-1907) budde store delar av livet i sin eigen fødeby Bergen. I denne perioden gjennomgjekk byen store endringar. I den omfattande lokalhistoriske boka Bergen i Edvard Griegs tid presenterer forfattar Helge Jensen eit omfattande bildemateriale frå desse åra. Gjennom store bilde av høg kvalitet og fyldige tekstar fortel Jensen om utviklinga og store hendinger i Bergen gjennom siste halvdel av 1800-talet og fram til bybrannen i 1916 som la heile det gamle sentrum i grus. Vi får innblikk i kvardagsliv og store hendingar, fattigfolk og fintfolk, sjukdom og helse. Store endringar i transport, teknologi og industri er óg med, og forfattaren fortel om korleis arkitektur og vitskap har prega byen. Livet til Edvard Grieg ligg som eit bakteppe gjennom boka som gir ei spanande og rik forteljing om Bergen på 18- og 1900- talet. 

Fjellfolk og kvinnfolk i nye historier frå Jotunheimen
Sigri Sandberg  er for mange kjend som journalisten som både går langt og klatrar høgt. I boka  Frykt og jubel i Jotunheimen. Forteljingar om folk og fjell  har forfattaren leitt langt attende i vår staute fjellhistorie for å spore opp både menn og kvinner som har sett spor etter seg i fjella i Jotunheimen. I boka, som kjem ut i oktober, fortel Sandberg om korleis Norges flottaste alpine fjellområde vart til, om mytologi og jotnekvinner, fangst og budeier. Ho skriv om romantiseringa av fjella på 1800-talet, om framveksten av moderne fjellsport og om kvinner i skjørt på veg mot toppane. Sommaren 2015 klatra forfattaren sjølv mot dei kvasse tindane, og trekk slik linjer frå urgamal tid til og fram til i idag. 

Historisk om botanisk hage og industristad
Over hundre år etter at Muséhagen vart utforma rundt Bergens Museum, er den intime og velhaldne hagen ei av dei vakraste og mest besøkte grøne lungene i byen. Boka Muséhagen i Bergen.Levende botanikk i over hundre år  inneheld ei rekke historiske fotografi og tidlegare upubliserte akvarellar av Miranda Bødtker, og utgjer eit viktig bidrag til historia om dei botaniske samlingane og utstillingane i byen. Boka vert gitt ut i samband  med muséet sitt jubileum "150 år på Høyden".
 
Nordisk klassikar frå vikingtida i ny språkdrakt
I 2013 kom Soga om Fridtjov den frøkne i  ny språkdrakt, omsett frå gamalnorsk av Norges nasjonalskald Jon Fosse. Med Soga om Torstein Vikingsson tek Fosse no for seg forteljinga om far til Fridtjov den frøkne, Torstein Vikingsson. Den nye omsetjinga vert gitt ut med same eksklusive design som den førre utgivinga som vann SØLV i Årets vakreste bøker 2014. Soga om Torstein Vikingsson fortel på fantastisk vis om bonden Viking, frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Norge, Sverige og heilt til Indialandet. Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

Dameslepp frå Torsheim

Multikunstnaren Oddvar Torsheim ligg ikkje på latsida. Han forsyner jamleg det norske folk med skarpe tekstar, treffande bilde og  songar med fråspark. I mai kom boka Ymsedamer, ei frisk lita bok med teikningar frå dei tre siste åra. Her er damer i alle variantar:  Appelsindronningar og kalde jomfruer,  Bente Bakantil og Frida Framifrå. Dei torsheimske bildetitlane er einaste tekst i boka, og ho fell såleis i kategorien lettlest, men ikkje lettgløymd.

Aktuell klimabok for barn
Barn vil nok heller ikke lett gløyme historia om den gale oppfinnaren Snutt. I boka Det forferdeleg geniale freseskyflyet fører ei genial oppfinning til sol heile dagen, og på Nordpolen smeltar isflaka. Forfattar Rolf Losnegård,som står bak ei rekke bøker og skodespel, blant dei Kinnaspelet, tek denne gongen for seg  klimaproblematikken på ein humoristisk og lett tilgjengeleg måte. Boka er illustrert av Fredrik Rysjedal, kjend som ein av initiativtakarane bak Bergen Art Book Fair.

Portrett av bergensarar og kyrkjefolk, kunstbokserie og suvenirklassikar.
Få kan feire 17. mai som bergensaren, og fotoboka 17. mai – Bergen, med tekst av Frode Grytten, fangar inn både folk og stemning. Fotografane rigga eit provisorisk telt på Torgallmenningen og plukka festkledde folk rett frå gata. Resultatet vart ein lang serie portrett som speglar eit frodig og allsidig bilde av byen og bergensaren. I ei anna fotobok, Kyrkjefolk, har prest, fotograf og forfattar Egon Askvik snakka med og fotografert hundre personer i alle aldrar i Leikanger om deira forhold til Den norske kyrkja. Hovudpersonen i Jenta (SKALD 2014), kallar seg no April og prøver å finne sin plass som ung vaksen i eit splitta Tyskland på 1970- og 1980-talet. Den usminka romanen reiser universelle spørsmål om identitet og framtid. Suvenirklassikaren om Flåmsbana, ein av dei største turistattraksjonane i Norge, kjem i ny og fullstendig revidert engelsk utgåve, illustrert med nye foto av Thomas Morel. I samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum gir SKALD forlag i haust ut den sjette boka i kunstbokserien Myndir, denne gongen om kunstnaren Magne Vangsnes som fyller 70 år i år. 

Harald Anvik

Stikkord i denne artikkelen
SKALD forlag, Høstens utgivelser,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...