SKALD hentar tre premier under Årets vakreste bøker

05.04.2017
SKALD hentar tre premier under Årets vakreste bøker
Årets vakreste bøker

Kvart år i mars kåra Grafill Noregs vakreste bøker, og det er ikkje uvanleg at vesle SKALD forlag i Sogn reiser heim med nokre premiar.

Under årets konkurranse vart heile tre bøker heidra. Sølv i kategorien "Skjønnlitteratur for barn og ungdom" gjekk til  Fantasiboka. Illustratør og bergensar Gunvor Rasmussen, som denne våren også er blitt eit kjent fjes  i TV2 sin serie Hagetid, har saman med designarane Silje Nes og Øystein Vidnes stått for utforminga. Boka får skryt for å ha skapt «eit gjennomført og heilskapleg univers». Boka er den femte og siste i serien som også tidligare er premiert.

–  Denne prisen har vi kapra saman! Eg har bidratt med mine mest levande illustrasjonar, henta frå fantasien til alle dei fantastiske forfattarane, og saman med designarane Silje og Øystein og redaktør Simone har vil laga ei nydeleg bok!

Dei to verdsklassikarane Forvandlinga og andre forteljingar og Frankenstein eller den moderne Prometevs, fekk også merksemd i konkurransen der 307 bøker frå heile landet var med. Dei to fekk tredje plass i kategorien "Bokomslag vaksen". Om dei to første titlane i den nye klassikarserien frå SKALD seier juryen: «Kraftfulle i si enkelheit. Bruken av sterke signalfargar og tidlause illustrasjonar som med tydelig symbolikk står godt til den nøytrale typografien, som er spesiallaget for utgivingane.» Bak designen står grafisk designar Øystein Vidnes, illusatratøren Andreas Töpfer og skriftdesignar Stefan Ellmer.

Forlagssjef Simone Stibbe er godt nøgd med at SKALD gjer det godt blant årets vakraste bøker.

– Det er spesielt givande for oss å bli premiert i denne konkurransen sidan vi over lang tid har satsa på design og høg kvalitet, seier forlagssjef Simone Stibbe

Formålet til Årets vakraste bøker er å heidre utøvarane i den visuelle delen av bokbransjen, og inspirere forlag, forfattarar, grafisk designarar og illustratørar til å lage kvalitetsbøker i alle sjangrar. Til saman var 307 bøker utgitt i 2016 meldt på til konkurransen. 

 

 

Anna Hovhannisyan

Nyheter

Fra lektor til kunstner: Sven Nielsen aktuell med «Hjerteflimmer»

Fra lektor til kunstner: Sven Nielsen aktuell ...

90-åringen Sven Nielsen er fortsatt ...

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens syklus

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens ...

Tina Karoline Warhuus debuterer som forfatter ...

Åpner opp om den skjulte sorgen

Åpner opp om den skjulte sorgen

I diktsamlingen «Den skjulte sorgen. Å ...

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Fra forskningslaboratoriet og styrerommet ...

Nordnorske røyster samla i ny diktsamling

Nordnorske røyster samla i ny diktsamlin...

Når nordavinden blæs over Lofoten, ...

Anmeldelser

«Fars nei» - om å stå opp for en sak

«Fars nei» - om å stå opp for en sak

År om annet kommer det fremdeles bøker ...

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads spennende liv i og utenfor Den katolske kirke.

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads ...

Jeg har aldri hatt den utsøkte glede ...

Ole Paus forteller om sitt liv

Ole Paus forteller om sitt liv

Forsiktig og ydmykt bør leseren begynne ...

Narsissistens hemmelighet

Narsissistens hemmelighet

Det kan hende at boken «Den Fabelaktige Narsissisten» ...

Inn i konteksten med  Gunnar Sønsteby

Inn i konteksten med Gunnar Sønsteby

Det var med ungdommelig spenning og sann ...