Startar nynorsk bokklubb

05.05.2017
Startar nynorsk bokklubb
Startar nynorsk bokklubb

– Målet har heile tida vore, og er framleis, å gjere verdslitteraturen lettare tilgjengeleg, seier marknadssjef i SKALD forlag Åsta Urdal. No lanserer ho verdas einaste bokklubb for nynorske verdsklassikarar.

Sidan hausten 2016 har forlaget SKALD etablert ein serie verdsklassikarar nyomsett til nynorsk. Serien har fått stor merksemd, og forlaget haustar lovord både for form og innhald, ikkje berre hos dei tradisjonelle nynorsklesaarar.

– Det er tydeleg at serien har møtt eit sakn hos dei som er glad i nynorsk, og fleire har signalisert at dei ynskjer å samle på bøkene.
Det er difor vi no lanserer denne abonnementsordninga, forklarar Urdal.

I SKALD sin klassikarserie skal det utelukkande givast ut verdslitteratur på nynorsk. Verka i serien har inspirert menneske i århundre og dei var gjerne banebrytande, uvanlege og rebelske i si tid. Lanseringa av den nye bokklubben skjer i samband med sleppet av tredje bok ut i serien – Dei døde.

Verdas beste novelle

Dei døde av James Joyce er av mange rekna for å vere verdas beste novelle, og dermed har den ein sjølvsagt plass som bok i SKALD sin serie av nyomsett verdslitteratur. Omsetjinga er det nasjonalskalden Jon Fosse som står for, etter eige initiativ, og med denne boka er det også første gong i historia at ein tekst av den verdskjende forfattaren James Joyce er utkomen på nynorsk.

Dei døde får oss til å stille spørsmål ved kor godt vi eigentleg kan kjenne eit anna menneske. Handlinga i novella er sett til eit selskap, og er på mange måtar ein klassisk klassikar som både skildrar klassestrukturar og kjønnsroller i eit modernisert samfunn. Joyce var banebrytande i sin rå og ærlige måte å framstille samtida si på, fortel Urdal.


James Joyce (1882–1941) er ein av dei mest framståande og nyskapande forfattarane i det tjuande hundreåret. Joyce hadde store vanskar med å få gitt ut verka sine, men var etter kvart med på å bane vegen for ein friare litteratur. Innanfor den modernistiske litteraturen er James Joyce ein av dei aller største forfattarane, mest kjent for hovudverket Ulysses (1922) og novellesamlinga Dubliners (1914).


Jon Fosse(f. 1959) kjem frå Strandebarm og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. Han er ein av Noregs viktigaste, nolevande forfattarar og dramatikarar og har stort renommé både i inn- og utlandet, og hans litterære verk er omsette til over 40 språk. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker og ei essaysamling. I 1993 debuterte han som dramatikar. Skodespela blei hans store internasjonale gjennombrot og er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett. I 2015 vann han Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien. 

 

 

Anna Hovhannisyan

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...