Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan Ingebrigtsen

22.08.2024
Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan Ingebrigtsen
Per Jan Ingebrigtsen

Per Jan Ingebrigtsen er ein mangfaldig kulturarbeidar med eit rikt liv bak seg som pedagog, forfattar, dramatikar og regissør. No er han aktuell med si syttande bok, Rafarta, som tek oss med tilbake til vikingtida.

Ingebrigtsen, som er busett på Stord, har lang erfaring som lærar i norsk, historie og drama ved Stord vidaregåande skule. Gjennom karrieren har han også vore ein aktiv bidragsytar i norsk kulturliv, både som medlem av Norsk forfattarsentrum og Norske Dramatikeres forbund. I dag held han fram som regissør og er aktuell med det historiske skodespelet Axeliane, som har premiere 15. august.

 

Ei spanande forteljing frå vikingtida

Rafarta er ei spenningsbok sett til året 870 e.Kr. Ho skildrar ei ung irsk jente som vert teken til fange av norske vikingar og teken med på ferda mot den norske vestkysten. Ei natt dei dreg båten på land, tek jenta mot til seg og rømmer, og mannskapet tek opp jakta.

Forfattaren understrekar at handlinga går føre seg «i ei brytningstid mellom trua på dei gamle norrøne gudane og kvite-Krist, det vil seia, den kristne trua». Samfunnet på denne tida var hardt og brutalt prega av overfall og drap samtidig med ei skarp todeling mellom dei som sat med makta og dei som var husfolk og trælar, «så og seia utan rettar». Gjennom Rafarta utforskar Ingebrigtsen korleis ei ung jente, med mot og viljestyrke, held fast ved draumane sine – uansett kva utfordringar ho møter.

Eit viktig undertema er, som Ingebrigtsen sjølv seier, «det kreative tilhøvet og samhandlinga mellom henne og bestefaren, Austmann, som er ein vidgjeten båtbyggjar. Kanskje manglar samfunnet i dag dette arbeidsfellesskapet på tvers av generasjonane?»

 

Bodskap og inspirasjon

Gjennom Rafarta ønskjer Ingebrigtsen å formidle eit viktig bodskap: «Aldri gi opp, sjølv ikkje når vanskane tårnar seg opp for deg – og løysinga synast å liggje langt framme i tid.»

Inspirasjonen til boka kjem frå Ingebrigtsens mange år som lærar, der han underviste i norrøn litteratur. «Ideen til boka har nok komme til meg frå den tida eg underviste i norrøn litteratur i vidaregåande skule. Så, fleire år seinare, vart manuset materialisert.» For han har det vore viktig å skape ei bok som ikkje berre er underhaldande, men som også formidlar viktig historisk kunnskap på ein engasjerande måte.

 

Fiksjon i ein historisk kontekst

Rafarta er ei oppdikta forteljing, men ho er sett inn i ein rett og sann historisk kontekst. Ingebrigtsen forklarar: «I romanen opptrer også mange historiske personar. Det er også det som skjer i all islandsk litteratur som omhandlar norrøn historie.»

 

Kva skjer vidare?

Per Jan Ingebrigtsen kviler ikkje på laurbæra. Han har alltid nye prosjekt på gang, og me kan forvente fleire spanande utgjevingar frå denne allsidige forfattaren i framtida. «Eg har alltid noko på gang», seier han, utan å røpe for mykje.

David Espeland

Nyheter

Hallo, er Casper hjemme?

Hallo, er Casper hjemme?

Trygve Wikstøl (67) har brukt et helt ...

Dagbok fra kjøkkenet på 79 grader nord

Dagbok fra kjøkkenet på 79 grader nord

I en tiårsperiode vendte Dagrunn Grønbech ...

– Poesi er det vi ikke kan uttrykke på annen måte

– Poesi er det vi ikke kan uttrykke på annen ...

Mot slutten av mai 2024 fikk Karin, Robert ...

Grieg møter vestlandske troll og dikt i Åsane

Grieg møter vestlandske troll og dikt i ...

Torsdag 5. november fylles Multisal i Åsane ...

Dikt på norsk og arabisk

Dikt på norsk og arabisk

Roula Hourani forlot Syria på grunn ...

Anmeldelser

Etterkommernes arvesynd

Etterkommernes arvesynd

«Etterkommerne – skam, hat og utestengelse» ...

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over livets viktigste veikryss - avskjedens

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over ...

Trine-Lise Rygh er nå ute med en ny ...

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...