Journalist og forfattar Bjørn Asle Nord, fotograf Håvard Bjelland
Journalist og forfattar Bjørn Asle Nord og fotograf Håvard Bjelland er nominert til Den store journalistprisen 2014 for dokumentasjonarbeidet om norske soldatveteranar.
Over hundre tusen norske soldatar har vore i utlandsteneste etter andre verdskrigen. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Norges siste store krigsinnsats ha etterlate nærare ti tusen nye norske krigsveteranar.
Bjørn Asle Nord og Håvard Bjelland arbeider begge i Bergens Tidende, og har tidlegare skapt debatt med reportasjar om norske veteranar. Dei har arbeidd med tematikken i seks år, og ga i år ut boka Gi meg heller livet. Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge (SKALD 2014). Her byggjer Bjelland og Nord vidare på arbeidet frå Bergens Tidende og dokumenterer kvardagen til dei skadde soldatane. Den kritikarroste dokumentarboka gir innblikk i livet til 13 norske soldatveteranar som har vore i konfliktområde som Libanon, Bosnia, Irak og Afghanistan, og viser utfordringane veteranane møter i det norske samfunnet etter heimkomst frå krigsteneste.
For fotoserien Gi meg heller livet blei Bjelland nyleg premiert i konkurransen Årets bilde. Den store journalistprisen delast ut av Norsk Presseforbund, og er den norske pressa si fremste utmerking for god journalistikk.
Redaktør -