Feelgood med rytme og rim

22.04.2021
Feelgood med rytme og rim
Lyrikkforlaget
Svein Førde

– Føremålet med diktsamlinga mi er å gje folk ein god følelse av fellesskap og at dei kjenner seg att. Med andre ord, legge opp til litt … feelgood …

Orda kjem frå Svein Førde, som no er aktuell med diktsamlinga «Feelgood på nynorsk».

– Folk flest finn vel glede og trøyst i tanken om at sjølv om vi alle er spesielle, er det også godt å bli mint om det typiske, og at det er mange som har erfart det same som meg. Tema i dikta mine er bevisst daglegdagse og gjenkjennelege. Men det går vel også an å finne ting med meir djupn mellom linjene.

Svein Førde skildrar seg sjølv som ein relativt godt vaksen mann. Han har yrkesbakgrunn frå TINE, der han etter kvart hadde oppgåver knytta til politikk og rammevilkår for landbruk og næringsmiddelindustri. Han er politisk interessert og har gjennom tre periodar vore folkevald for Arbeidarpartiet. Han meiner sjølv han er ein «svært vanleg person» som likar å søke og finne det gode liv for seg sjølv og familien. Hytta ligg ved fjorden, og som vestlendingar flest han pris på båtliv og fiske.

– Er det ein ting eg må gjere, så er det å få trent. Før eg har slite litt, så går eg berre i ring. I min ungdom sprang eg, og var ung og slank. Eg fekk til og med eit par landskampar og nokre NM-medaljar på mellomdistanse. Dei siste 30 åra har eg heller løfta vekter, og ser litt annleis ut.

«Feelgood på nynorsk» er skribenten si første bok, men så langt ifrå det første han har skrive. Då han arbeidde i TINE, bidrog han gjerne med tekstar til sosiale samanhengar, om det var talar og tekstar til framføring. Til underhaldingsføremål har han og skrive litt i tilknyting til amatørrevyar og den slags, og dei seinare år har kjentfolk fått lese kvardags-lyrikken hans når han har delt på Facebook.

– Ideen til bok kom etter kvart som eg dei seinare år la ut dikt og limericks på Facebook, og det gjekk frå veldig god respons til direkte oppfordringar om å få det ut i bokform. Eg har skrive for folk flest, slik som meg sjølv. Kanskje folk i min eigen generasjon i størst grad vil kjenne seg att i det eg skriv om, sidan eg iblant mimrar og hentar fram ord og uttrykk frå før i tida. No ser eg likevel ikkje vekk frå at unge folk er nyfikne på gamle tider, med gjenstandar dei ikkje kjenner til og små opplevingar eg hugsar som på mest blir å høyre historier frå gamle dagar.

At ein som driv med sport og politikk gjev ut diktbok, er kanskje ikkje heilt venta, så vi spør kvar ord- og skrivegleda kjem frå.

– Den har eg etter mor mi! Drivkrafta og inspirasjonen eg har for ordet, er vel ei medfødt interesse, den har i alle fall alltid vore der. Lykkefølelsen når eg finpussar på ein tekst og føler meg trygg på at dette blir bra – den har eg stadig lyst på meir av! Eg finn glede i slikt eg ser og opplever på vanlege dagar med vanlege folk. Der er ikkje så reint lite uvanleg om ein ser etter! Rein fiksjon er det vel lite av, men eg gjer meg vel av og stundom til talsperson for gjenstandar som av naturlege årsaker har vanskar med å uttrykke seg, humrar Førde, stadig på utkikk etter slikt som kan bli dikt. 

Svein Førde seier det har vore stor glede og inspirasjon i seg sjølv for ein nøktern vestlending å få utgitt eigne dikt i bokformat.

– I utgangspunktet hadde eg berre ei forventing om å få samla tekstar til glede for mine etterkomarar mellom to permar. Etter kvart som eg har fått så mykje positiv respons frå både folk og forlag, og ikkje minst at folk har kjøpt boka før ho kom ut, så er eg spent på kva som skjer vidare. Men dette har eg aldri gjort før, så eg skal ikkje ta av.

– Eg trur folk vil kjøpe denne boka fordi den er lett å lese og lett å le av, men ikkje utan alvor. Som Lyrikkforlaget skreiv i si første tilbakemelding til meg, så var det etter lang tid med «fri  form»,  forfriskande at nokon tok seg bryet med å skrive vers med rim. Og så har boka fått eit fantastisk fint omslag med barnebarnet mitt si teikning av bygda Førs, der eg vaks opp. Dessutan, kven er det som ikkje vil oppleve FEELGOOD … sjølv om det er på nynorsk? flirar Førde.

–  Med den særs gode kjensla av å halde i si heilt eiga bok, så kjem eg til å halde fram med å rusle rundt med min smarte telefon og småskrive litt også i tida som kjem. Kanskje sender eg det til Lyrikkforlaget når tida er inne. Den som lever, får sjå!

Audun Rømcke

Nyheter

Musikken reddet norske jøder  fra gasskamrene -  Av Jørn-Kr. Jørgensen, forfatter

Musikken reddet norske jøder fra gasskamrene ...

Det er 80 år siden 532 jøder stevnet ...

Lyst mørke vant Årets Ulest

Lyst mørke vant Årets Ulest

Torsdag ble det klart at årets vinner ...

Det lille følelsesspillet - SPILL

Det lille følelsesspillet - SPILL

Spillet som styrker båndet mellom deg ...

Mobilfri jul

Mobilfri jul

Å se noen, virkelig se dem, høre ...

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forleggerforeningen

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forl...

Forleggerforeningens direktør Kristenn ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...