Odelsguten som ville vera Garborg

26.03.2015
Odelsguten som ville vera Garborg
Tor Obrestad

Jon Line var ein jærsk forfattar, heilt utradert frå soga. Han er ikkje nemnd i oppslagsverk, du søker til fånyttes etter han på nettet og han er heller ikkje nemnd i oversiktsartiklar om lokal litteratur. Han levde mellom 1862 og 1949, budde største delen av livet på Line og skreiv heile tida, dei første åra som journalist.

-Jon Line var frå garden Line på Bryne. Han var odelsgut, men han var ikkje særleg aktiv på garden, han var rett og slett lat. Draumen hans var å bli ein ny Garborg, men evner og talent var ikkje til stades på same måte som hos forbildet hans, seier Tor Obrestad, forfattaren av boka om Jon Line.

Tor Obrestad (f. 1938 i Hå på Jæren) er ein norsk diktar som skriv på nynorsk. Han debuterte i 1966, og har gjeve ut romanar, biografiar, dikt, skodespel, novellar og gjendiktingar. Han tok imot Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1966 og Noregs Mållags barnebokpris i 1985. Han har blant anna skrevet biografiar om Arne Garborg, Hulda Garborg og Einar Førde. No er han aktuell med boka "Jon Line – kulturberar og posør".

-Han var vel ikkje den som likte best å jobbe heime på garden, han var rett og slett lat, og han hadde ikkje den rette indre disiplinen som ein odelsgut treng, seier Tor Obrestad.

Jon Line vart ikkje lærar som han vel skulle ha blitt. Line-garden er ein av dei eldste i Time-sokna, gardsnummer 5 og bruksnummer 2, og Jon var odelsgut. Alt i ungdommen valde han ei anna lei enn inn i jordbruket. Han var med i den radikale gruppa i  Time som i 1870-åra ga ut dei handskrivne bladaAlven og Mellemstunden.

Lokal aktivist

-Jon Line var ein lokal aktivist i kulturmiljøet, ein villblome.  Kring 1890 ga han ut nokre få bøker i "bohemetradisjonen", i  1927 og i 1935 to diktsamlinar, det var alt. Han slo ikkje gjennom, korkje hos publikum eller lokalt. Men han var kompis med Arne Garborg, noko han fortalde mykje om. Elles var han ein slags bonde på Line, spela fele og vart ein evig ungkar. Men han var der, som ein fargeklatt eller ein villfugl i den jærske kultursoga. Heilt aleine bar han den radikale tradisjonen på Jæren vidare, fortel Obrestad.

Lærar og journalist

-Som så mange odelsgutar på den tida, utdanna Jon Line seg til læraryrket. Det var dårlege tider i jordbruket, og som far til Jon, liksom Eivind Garborg og andre, innsåg, måtte odelssønene få fleire bein å gå på økonomisk sett. Jon Line drog til lærarskulen på Stord. Han var formann i mållaget på skulen, og skreiv også mykje i bladet laget ga ut, Målvenen. Etter eksamen i 1885, reiste han heim til Jæren, men fekk ikkje jobb der, seier forfattaren.

Til slutt fekk han ein liten post i Bykle. Lærar og radikalar var ein dårleg kombinasjon i ei trong lita bygd den gongen; det skapte problem; og Line vart ikkje gammal i posten. Dessutan fekk han meir og meir interesse for skrivinga som profesjon. Han enda først som journalist i "Stavangeren" på Valberget, men også i Stavanger vart det for trongt, han måtte austpå, og til Kristiania. Her fekk han ymse jobbar, blant anna i "Nordmanden" i Kragerø der han var redaksjonssekretær ei tid. Seinare kom han til "Verdens Gang", og vart lagt merke til. Redaktør Ole Thomesen, 1817-1905, i VG ga han følgjande attest: "Hr. Jon Line har skrevet flere artikler i "Verdens Gang", hvilke har vakt ikke ringe Opmerksomhed som vidnede om usædvanlig Intelligens og stilistisk Evne".

Jon Line sitt idol

-Garborg var hans store idol, og dei fekk kontakt på Jæren i 1892. Sidan trefte dei kvarandre sporadisk om somrane. Line levde på desse møta. Han hadde minna om Garborg, noko han utnytta til siste trevl i minnenedteikningane sine. Garborg sjølv var nok skeptisk til det der med Jon Line, han nemner han bare  perifert i dagbøkene. Sigbjørn Reime, som eg samtalar med om dette og som eg lærer mykje av, meiner at møta er nemnt fem gonger, og aldri refererer til anna enn møte,  aldri samtalar eller dei meir intime sakene som Line fortel om, seier Tor Obrestad vidare.

Kvifor heldt Garborg på avstanden? Fordi han opplevde Jon som innpåsliten? Garborg var aristokrat, og såg eigentleg ned på "pøbelen", åndeleg meint. Han vrei seg nok i grava når han høyrde dedikasjonen i Gonge-vegar.

Jon Line idylliserte samstundes som han såg. Garborg fekk eit behov for å verna seg, til dømes for Jon Line sitt skarpe auga, og kan henda jordnære eller kritiske blikk. Jon Line hadde jærbuens sans for realisme, han var nøktern og han ville at rett skulle vera rett. Det forstod nok Garborg, og tok sine forholdsreglar. Det er noko dobbelt her, som i alle Garborgs intime relasjonar.

Posøren

-Jo, Jon Line var nok på mange måtar ein posør og  levde opp til rolla. Han ville vera fin på det, brukte findress og langpipe og spelte fele, og han såg nok på seg sjølve som ein bohem, noko han ikkje var. Men det er noko meir med han, noko friskt, jordnært og ubunde som gjer at  han fortener eit rom i den jærske kultursoga. Han bar den liberale og frilynte tradisjonen frå Mauland og Garborg vidare. Jon Line hadde nokre av dei kvalitetane som kunne ha gjort han til ein ekte narr, noko av det Dahl nesten blei. Men Line blei for sjølvopptatt, for sær, til verkeleg å kle denne rolla. Han mangla det elementet av sjølvironi og gleibskap som Tobias Skretting i sine beste stunder kunne ha. Line lo ikkje, ikkje ein gong flirte av seg sjølv. Han gjekk inn i seg sjølv og blei stein. Men for ein narr han kunne ha blitt, avsluttar Tor Obrestad. 

Carsten Flo

Stikkord i denne artikkelen
Tor Obrestad, Jon Line, Kulturberar,

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...