– Orda kjem lettast til meg når det er ei handling eller ei rørsle i diktet

28.09.2021
– Orda kjem lettast til meg når det er ei handling eller ei rørsle i diktet
Lyrikkforlaget
Anders Holmefjord

Anders Holmefjord er aktuell med diktsamlingen Eg går på Lyrikkforlaget. Her forteller han om seg selv og prosjektet.

Eg reknar meg sjølv som eit roleg, ettertenksamt og verdibevisst menneske. Andre har kalla meg smålåten, til og med blyg, ein som ikkje ropar så høgt om seg og sitt. Samstundes veit eg at det å skapa noko, anten i ord eller bilete, gir meg mykje glede. Då er det også fint å kunna dela med andre, endå om ein på sett og vis utleverer seg sjølv og stiller seg lagleg til for hogg. I min alder har ikkje det så mykje å seia.

Eg er glad i å ferdast i naturen, både på sjø og land og oppleva korleis den er i endring heile tida. Legg ofte merke til små detaljar som eg fotograferer og brukar som inspirasjon for maling. I tillegg er eg med og haustar av naturen med både jakt og fiske. I hagen steller eg mest med nyttevekstane, men er glad i prydhagen.

Song og musikk er viktig for meg, der det å vera med i kor og korps har gitt mykje. Har også skrive songar og salmar, nokre gonger med eigen melodi. Dessutan har eg vore aktiv i lyd og lag i trussamanheng.

 

Hvordan fikk du ideen og /eller inspirasjonen til boka?

Gjennom åra har eg skrive mange dikt. Eg har lagt merke til at orda kjem lettast til meg når det er ei handling eller ei rørsle i diktet. Difor er verbet for meg ein viktig del av diktet. Versa får då ei framdrift, slik at dei liknar meir på ein video enn eit stillbilde. Frå desse tankane var ikkje vegen lang til å la verbet vera eit kjerneord, både konkret og i overført tyding og med dei mange substitutt som gir ulike valørar til det. På denne måten vart verbet      ein reiskap til å dela tema som eg vonar kan finna gjenklang hos lesarane. Dikta i denne samlinga har kome til gjennom dei siste ti åra.

 

Fortell kort om bokas handling/tema og målgruppe

Boka gir inntrykk frå ei vandring, ei livsvandring om du vil. Nokre av dikta syner kor fort livet kan endra seg, både på godt og vondt, ja, kor lite sjølvsagt det heile er. Samstundes er vi heile tida undervegs og både vegen og vi sjølve endrar oss frå i går til i dag. For meg er det og viktig å formidla at vi treng eit fast haldepunkt i livet og ein himmel over det.

Nokre motiv byggjer på eigne opplevingar, men det meste byggjer på fiksjon, der eg prøver å leva meg inn i situasjonar, der ytre handling er meir som eit stillas for tankar og kjensler.

 

Hvordan skiller boka seg ut fra andre? Har du flere prosjekter på gang?

Det er vanskeleg for meg å døma om. Det eg kan håpa på, er at mi røyst har eit særpreg som verkar ekte og er verdt å lytta til. I så fall har eg fleire dikt på lager og det hender at inspirasjonen framleis er til stades. Forresten er ei samling av 48 salmar arrangert for kor under utgjeving (Cantando Musikkforlag), eit prosjekt i nært samarbeid med komponisten Eilert Tøsse, der han står for musikk og eg for tekst.

Mai Britt Hareide

Nyheter

Musikken reddet norske jøder  fra gasskamrene -  Av Jørn-Kr. Jørgensen, forfatter

Musikken reddet norske jøder fra gasskamrene ...

Det er 80 år siden 532 jøder stevnet ...

Lyst mørke vant Årets Ulest

Lyst mørke vant Årets Ulest

Torsdag ble det klart at årets vinner ...

Det lille følelsesspillet - SPILL

Det lille følelsesspillet - SPILL

Spillet som styrker båndet mellom deg ...

Mobilfri jul

Mobilfri jul

Å se noen, virkelig se dem, høre ...

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forleggerforeningen

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forl...

Forleggerforeningens direktør Kristenn ...

Anmeldelser

Hva noen av dagene forteller

Hva noen av dagene forteller

Terje Nordby har skrevet en praktfull bok ...

Tre små leksikon om Oslo

Tre små leksikon om Oslo

Ikke noe mindre, og ikke noe annet, en tre ...

«Den som glemmer historien, må leve den om igjen»

«Den som glemmer historien, må leve den om ...

I sin nye bok – tredje bind av serien «Under ...

Les og lær om Sovjetunionen

Les og lær om Sovjetunionen

I januar i 2020, straks før koronaen ...

Takknemlighetens filosofi – alltid aktuell

Takknemlighetens filosofi – alltid aktue...

Å takke går aldri av moten, men ...