Sjarmerande forfattarpar med moderne eventyrbok

16.08.2016
Sjarmerande forfattarpar med moderne eventyrbok
Per Jan og Adina

Forfattarparet Adina Kristensen og Per Jan Ingebrigtsen er ute med ei ny barnebok – eller familiebok? Dei må kunna seiast å vera eit heller uvanleg forfatterpar, så kven er dei?

Adina: Eg er 81 år, bur i Bergen og går på Slettebakken skule. I fritida spelar eg handball, og så spelar eg teater. Eg synes det er veldig kjekt å teikna, og så likar eg å dikta opp forteljingar saman med besten.

Per Jan: Eg er 70 år og er utdanna lærar med norsk og drama som hovudfag. Elles har eg skrive mange bøker, og forfatta og instruert mange skodespel. Eg synes det er stor stas å laga bok saman med Adina, som eg er besten til.

– Fortel litt om boka de har skrive i lag.

Per Jan: «Gulla og den fortrolla hesten» er eit moderne eventyr som har det til felles med folkeeventyra at det er ein kamp mellom dei gode- og dei mørke, vonde kreftene i tilveret. Boka høver godt for aldersgruppa 6-9 år, eller kanskje ho høver like godt til aldersgruppa 6-90 år? Eg trur faktisk det!

Adina: Gulla vert dregen inn i ei forteljing der ho plutseleg går på ein sti inne i ein skog. Der møter ho på ein vakker hest, med triste augo. På bakken oppdagar ho ein diger nøkkel, som ho stappar i lomma. Då går det eit sus gjennom lufta, og på bakken framføre henne landar det ei heks. Heksa tek med seg både hesten og Gulla til ei stor borg. Der vert jenta låst inne i ein mørk kjellar, der det stinkar av kloakk, og der rotter og digre edderkoppar ventar på henne. Men Gulla gjer ikkje opp. Ho må tenkja ut ein måte å komma seg ut på.

– Korleis fekk de ideen til boka?

Per Jan: Eg er ikkje sikker på kva som kom først, nokre linjer om ei jente som opplever å verta bortført, eller ein teikning som inspirerte oss til å setja i gong skriveprosessen, men både besten og Adina vart veldig inspirerte, og det var som om me var til stades i handlinga begge to. Me «såg» alt føre oss, som om det var verkeleg.

– Er det ein bodskap i boka òg, ein moral?

Per Jan: Det nyttar å ta kampen opp mot dei mørke kreftene, som godt kan vera fordommar me har mot andre menneske – som er litt annleis, eller ser litt annleis ut enn det me gjer sjølve. Slik sett kan borga godt vera ein fordom som heksa har teke bustad i.

– Kva skil denne boka frå andre bøker?

Adina: At eg som illustratør og medforfattar berre er 8 1 år, og difor godt kan tenkja meg korleis Gulla er, sidan ho er på min eigen alder. Og så er teksten skriven på både nynorsk og bokmål i ei og same bok. Elles er det ein fin blanding av eventyrleg magi og noko som kunne skjedd i det verkelege livet.

– Er det ei frittståande bok?

Per Jan: Ja, det er ei frittståande bok med ei avsluttande handling. Men me tenkjer alt på å laga fleire Gulla-bøker.

Adina: Me håpar at mange vil kjøpa boka, for heile forfattarhonoraret går til Redd Barna, og dei treng masse pengar slik at born som lever med krig og har det vanskeleg, kan få det trygt og godt.

– Heilt til slutt, kan de dra fram noko spesielt frå boka?

Per Jan: Me synest det er eit grotesk og herleg avsnitt der heksa står inn på kjøkenet sitt og lagar seg mat, medan ho syng:

Litt heksemat på heksefat
må alle hekser ha
om magen skal bli god og mett
og fordøyelsen bli bra

Eg sprøsteiker ei vorte
frå haka på ein mann
i blanke sleipe snørret
frå ein kar frå Kristiansand

Så tek me fire brunsniglar
og hakkar dei opp, rå
Dei glid ned gjennom halsen
så dei slepp eg tygga på

 

Svein Kåre Gunnarson

Stikkord i denne artikkelen
eventyrbok, vennskap, toleranse, barnebok,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...