Kvardagsdikt for vanlege folk

15.03.2021
Kvardagsdikt for vanlege folk
Lyrikkforlaget
Magnor Midtun

«Den som ikkje har noko fortid har heller ikkje noko framtid», seier eit gamalt ord.

Magnor Midtun syner fram verdien i dei nære ting når han skriv vers og diktar om slikt som skjer på ein vanleg dag, om slikt som folk diskuterer og om det han ser i naturen.

 

Han vil òg gjerne dele med dei yngre det vi har fått overlevert frå tidlegare slekter.

– Det er viktig å ta fortida med i planlegging av framtida. Vi har mykje å lære av folk som har levd før oss, seier Magnor Midtun og tenkjer tilbake i tida.

– Eg vaks opp på ein liten vestlandsgard. Der kom eg i god kontakt med naturen. Vi levde med dyr, fuglar, insekt, blomar og skog rundt oss kvar dag. Å veksa opp på lag med naturen trur eg gjev ei god ballast å ta med i livet. Dyra er kloke vesen og ved å arbeida med jordbruk lærer ein kor viktig det er å ta vare på kloden. Ein lever i naturen si rytme og kan merke kor viktig det er for eit liv i balanse.

 

Av dei beste minna frå oppveksten på gard er «skumringstimane» som var vanlege i bondeheimar. I timen mellom dag og kveld, var det for dimt til gjera noko ute og for lyst til å tenna oljelampa. Der mellom dagen og kvelden var det ei tid for litt avslapping før fjøsstellet, ei stund for samtalar, musikk og song. Ikkje minst bydde skumringsstunda på ei oppkome av eventyr og historier.

– Under andre verdskrigen hadde me ikkje radio og sjølvsagt ikkje fjernsyn. Då krigen tok slutt fekk me radioen tilbake og den gav oss mykje underhaldning. I bygda mi vart det drive ungdomslag også under krigen. Der vart det meir aktivitet då freden kom, med skodespel, diskusjonskveldar, songdans og mykje meir, mimrar Midtun, som sjølv var ung i etterkrigstida.

 

Magnor Midtun vil for mange i Gulen vere kjend som ein lokalt engasjert banksjef, etter å ha arbeidd ein mannsalder i Gulen Sparebank og samstundes vore aktiv i ei handfull lag som har samla bygdefolket. Han har sidan han var ung hatt interesse for historie, og samla minner frå farne tider i bygda, trykt med tittelen «Eivindvik før og no». Då banken fylte 100 år skreiv Midtun sjølv jubileumsheftet. I skuffa låg det og ei bunke prologar, talar og vers, og eit utval av desse har no blitt til diktsamlinga «Mannen på stien», som er Midtun sin diktdebut. Boka kjem ut på Lyrikkforlaget.

 

Dikta har blitt til i rein skriveglede, når noko eller nokon har tend ein tanke av inspirasjon, og somme tider beint fram indignasjon.

– Ein del er nok fiksjon, vedgår Midtun, – men mykje er knytt til hendingar i tida, forsikrar han.

Språket er kvardagsleg og tankane flyg lettbeint over sidene, og her og der vil nokon kvar kunne kjenne seg eller naboen att og få seg ein skratt. Kanskje til og med ein debatt?

–  Nok trur eg at innhaldet i boka kan gje litt ettertanke om at, trass mykje klaging og sutring, så er det også mykje å gleda seg over for den som stoppar opp og ser seg ikring. Som det står i songen: «Du skal ikkje jage i hvileløs ring, nei, lær deg å elske de nære ting.»

 

Mai Britt Hareide

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...