Dragepusen, ei bok om venskap mellom menneske og dyr og mykje anna

20.11.2014
Dragepusen, ei bok om venskap mellom menneske og dyr og mykje anna
Forfatterfoto

Jenny er ei nysgjerrig jente som likar å utforske ting. Nabojenta, Linnea, har fortalt om den skumle dragepusen som bur i skogen. Ein dag tek Jenny med seg hunden sin, Mira, for å finne ut meir om denne skumle skapningen. Kan dei to bestevenene finne ut av dette mysteriet?

Ideen til boka fekk eg frå ein episode med nabojenta vår, Linnea. Ein dag då ho hadde henta posten, kom ho springande heimatt og var kjemperedd for noko som ho kalla for ein dragepus som ho meinte hadde jaga ho. Det viste seg at den sokalla dragepusen var vår eigen huskatt, so då byrja tankane mine å svirre kring å skrive ei historie om dette. Eg tykte namnet Dragepusen var veldig spanande, og tenkte at dette var det verkeleg mogeleg å jobbe vidare med, seier forfattaren Anette Skarsbø.

Anette Skarsbø (f. 1986) er oppvaksen på Systrond i Leikanger kommune, men er no busett i Sogndal saman med dotter si. Ho jobbar som lærar, og har norsk og engelsk som spesialfelt i skulen. Dragepusen er hennar debut som barnebokforfattar.

- Eg har alltid vore glad i å skrive historiar, og har i grunn alltid hatt ein draum om å få gje ut ei bok. Eg likte idèen, og tankane byrja å spinne vidare på historia. Historia vart litt til etter kvart som eg byrja å skrive, og laga seg eigentleg litt sjølv, då eg såg føre meg korleis det heile gjekk føre seg. Dragepusen er ein fiktiv historie, men har rot i røynda ved at den tek utgangspunkt i ei oppleving nabojenta vår hadde ein dag ho skulle hente posten, fortel ho.

Dragepusen handlar både om venskap mellom menneske og dyr samt det å tore å utfordre si eiga redsel. Ofte er ikkje ting so skummelt so det me trur ved fyrste augekast, noko forfattaren har lyst å formidla gjennom denne vesle historia.

- Målgruppa er barn i førskule- og tidleg skulealder. Eg har lese historia både for mi eiga dotter på 3 år, og elevar i 2.klasse. Sjølv om det er stor skilnad på barn i desse to aldrane, fenga boka begge aldersgruppene i dette tilfellet. Val av tittel sa seg eigentleg litt sjølv med tanke på at det var ordet dragepusen heile idèen oppstod frå. Nabojenta brukte dette ordet om katten vår, og dette vart utgangspunktet for det som seinare skulle verte ei historie sett frå Jenny sin ståstad, seier Skarsbø vidare.

- Eg byrja å skrive på denne historia allereie våren 2013. Eg las den for 2.klassen eg var lærar for på dette tidspunktet, og dei likte historia godt. Dette gav meg motivasjon til å jobbe vidare med historia. Hausten 2013 byrja eg å studere norsk som vidareutdanning ved Høgskulen  i Sogn og Fjordane. Her lærte eg mykje om barnebøker, språk og tekstskaping, noko som gav meg inspirasjon til å ta opp att arbeidet med Dragepusen for alvor. I februar 2014 var eg sopass nøgd med historia mi at eg hadde lyst til å prøve å sende den inn til eit forlag for vurdering. Eg sendte historia til Publica, og då våren kom fekk eg eit brev i postkassen om at forlaget såg potensial i teksten min og var villige til å gje meg ein sjangse. Våren/sommaren/hausten 2014 har gått med til finpuss og språkvask, slik at det endelege resultatet skulle verte best mogeleg, fortset ho.

- Eg håpar lesarane likar boka, og klarar å kjenne seg litt att i innhaldet. Dess fleire som likar boka, dess betre er det. Eg jobbar som lærar på ein barne- og ungdomsskule, og deltek dagleg i barns tekstskaping på ulike nivå. Det å vere ein del av læringsprosessen til elevar frå 6 til 16 år gjev meg motivasjon til å utvikle mi eiga skrivekompetanse og gjev meg lyst til å prøve nye ting. Det å jobbe med barn som er i same målgruppe som ein sjølv skriv historiar for, ser eg på som ein styrke, og ikkje minst ein ressurs for meg som forfattar. Eg kan heile vegen teste ideane mine ut på dei hardaste kritikarane av dei alle, nemleg elevane mine, avsluttar Anette Skarsbø. 

Carsten Flo

Stikkord i denne artikkelen
Dragepusen, Anette Skarsbø,

Nyheter

Advokat avdekker ukjent krigshistorie

Advokat avdekker ukjent krigshistorie

I pandemiens stille timer modnet ideen som ...

Fra lektor til kunstner: Sven Nielsen aktuell med «Hjerteflimmer»

Fra lektor til kunstner: Sven Nielsen aktuell ...

90-åringen Sven Nielsen er fortsatt ...

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens syklus

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens ...

Tina Karoline Warhuus debuterer som forfatter ...

Åpner opp om den skjulte sorgen

Åpner opp om den skjulte sorgen

I diktsamlingen «Den skjulte sorgen. Å ...

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Fra forskningslaboratoriet og styrerommet ...

Anmeldelser

«Fars nei» - om å stå opp for en sak

«Fars nei» - om å stå opp for en sak

År om annet kommer det fremdeles bøker ...

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads spennende liv i og utenfor Den katolske kirke.

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads ...

Jeg har aldri hatt den utsøkte glede ...

Ole Paus forteller om sitt liv

Ole Paus forteller om sitt liv

Forsiktig og ydmykt bør leseren begynne ...

Narsissistens hemmelighet

Narsissistens hemmelighet

Det kan hende at boken «Den Fabelaktige Narsissisten» ...

Inn i konteksten med  Gunnar Sønsteby

Inn i konteksten med Gunnar Sønsteby

Det var med ungdommelig spenning og sann ...