Frå barn til ungdom, eigne og andre sine meiningar

02.12.2014
Frå barn til ungdom, eigne og andre sine meiningar
Forfatterfoto

Boka handlar om ein gut som nett har blitt tenåring, og som prøver å finne ut av kven han vil vere, kva han likar eller ikkje likar og slike ting. Og så var det han og denne jenta som bur like rundt svingen då, veit du.

Eg las over nokre småstykke eg hadde gøymt på, og plukka ut noko eg synest var bra. Då kom etter kvart ideen til at dette kunne bli ei bok. Eg har alltid likt å skrive, sjølv om det har gått litt i perioder. Noko av det som no har gått inn i manuset Bobler i farris, skreiv eg for fleire år sidan. Då eg las over nokre gamle "skriverier", kom ideen til at det kunne bli ei brukbar historie ut av det, seier forfattaren Anne H. Borgund.

Anne H. Borgund kjem frå ein kystkommune i Sogn og Fjordane, er fødd i 1966 og busett på Vestlandet. Ho er utdanna ved høgskulen i Volda. Ho debuterte med barneboka Tuva i 2012.

- Eg kan ikkje seie at eg tenkte så hardt på noko spesielt bodskap då eg starta på historia. Om eg skal seie at der er eit bodskap, må det vere dette at folk er forskjellige, og ein har ulike ting ein passar til, nett slik hovudpersonen opplever det. Er noko vanskeleg, så er du flink til andre ting, og så vidare! Eg trur Bobler i farris kan passe best for barn og unge, men det er vanskeleg å seie det sånn akkurat, ein veit jo aldri. Då Tuva kom ut, såg eg føre meg at boka ville passe best for jenter i alderen 10 år +. Seinare har eg fått tilbakemelding på at også andre har likt å lese den. Vi får berre vente og sjå kven som vil like Bobler i farris, den er jo litt annleis enn Tuva, seier ho vidare.

- Tittelen Bobler i farris er rett og slett henta frå ein replikk i manus! Det var noko med den replikken som eg syntest passa til hovudpersonen sine "grublerier" og sånn, fortel ho.

- Eg henta som sagt fram små forteljingar eg laga for lenge sidan, så kom etter kvart ideen til historia. Når ein først har begynt å "kverne" på ei forteljing, blir miljø og personar i boka  forma etter kvart som ein arbeider med manus. Personane i historia blir etter kvart plasserte inn i eit miljø som kan passe til deira karakter. Og omvendt. Ein god del vert dermed endra og dikta om undervegs i prosessen, så mykje av det endelege produktet er veldig annleis enn det eg starta med.

Det høyrest kanskje rart ut, men eg har ikkje så spesielle forventningar til boka, eigentleg. Eg kan jo seie at denne boka og er skriven på nynorsk, slik eg gjorde med Tuva. Somme har sagt at dei er på jakt etter nynorsk-litteratur for barn og unge, så det er jo fint om mange no oppdagar Bobler i farris. Elles er det artig å ha greidd å skrive eit manus som er såpass bra at det eignar seg for publisering. Då eg fekk positive tilbakemeldingar frå forlaget, tenkte eg berre at dette må eg prøve, og sjå korleis det går, fortset ho.

- Eg må få gje ros til foreldre som i si tid stimulerte interessa for å lese bøker. Å få harde, firkanta pakkar til jul og bursdagar var heilt greitt! Besøk på bokhandel når vi var på shopping var absolutt spennande nok. Eg vil og gjerne ta fram mine norsklærarar som lærde ein å arbeide med ulike tekstar, korleis bruke verkemiddel, korleis formulere seg på ein bra måte, og alt det der, avsluttar ho.

Carsten Flo

Stikkord i denne artikkelen
Pubertet, Bobler i farris,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...