Debuterer med humlebarnebok

24.09.2014
Debuterer med humlebarnebok
Snøhumla Mille

Janne Marit Øye frå Ørsta er utdanna førskulelærar med lang erfaring frå arbeid med barn og formidling. No debuterer ho som barnebokforfattar med boka Snøhumla Mille, ei forteljing om ei lita humle som blir overumpla av hausten. Boka er vakkert illustrert av Anne Angelshaug.

 – Spiren til historia om Mille var at dottera mi ein dag insisterte på at det fantest snøhumler, fortel Øye.

Slik dukka spørsmålet opp om korleis ei humle kan halde på varmen om vinteren, og Øye lagde ei forteljinga som ho las til sine eigne born då dei var små. Etterkvart vart ho så glad i historia at ho ville dele den med fleire, og slikt vert det gjerne bok av.

– Det har vore ein spanande prosess å gjere eit manus om til ei bildebok. Eg har aldri tenkt over kor mykje arbeid det er i å dele eit manus opp til å verte sider i ei bok. Og Anne Angelshaug har verkeleg klart å pusta liv i karakterane i boka på ein måte som står i stil med historia, seier debutanten.

Det var forlaget som kopla Øye med illustratøren Anne Angelshaug. Ho er både illustratør og bildekunstnar frå Jølster og no busett i Bergen. Ho har fleire separat- og kollektivutstillingar bak seg og har tidlegare illustrert barneboka Torbjørn Isbjørn, også den utgitt på SKALD forlag. Illustrasjonane i ei barnebok skal skape ei verd som høver forteljinga, og Angelshaug måtte først finne si eiga tolking av historia.

– Det blei veldig fort tydeleg for meg kva slags stemning og utrykk eg ønska å bruke i illustrasjonane. Eg ville ha ein liten melankoli i bilda, som handlar om at omverda endrar seg. For meg handlar denne historia om naturen, skiftande årstider, litt einsemd og sakn, men så meistring og vennskap, seier Angelshaug.

Janne Marit Øye (f. 1966) er frå Ørsta. Ho er utdanna førskulelærar og har seinare tatt vidareutdanning i arbeid på småskulesteget. Ho har arbeidd i barnehage og i barneskule, og er no tilsett som konsulent på biblioteket ved høgskulen i Volda. Snøhumla Mille er debutboka hennar.

Anne Angelshaug (f.1977) er oppvaksen i Jølster og busett i Bergen. Ho er utdanna illustratør frå Falmouth College of Arts i Cornwall. Sidan 1999 har ho jobba som frilans illustratør og driv no selskapet Naive Communication. Angelshaug er også bildekunstnar og har hatt fleire separat- og kollektivutstillingar. I 2009 debuterte ho som bildebokillustratør med boka Torbjørn Isbjørn (SKALD, 2009).

Anna Hovhannisyan

Gallery

Snøhumla Mille

Nyheter

Bilder og dikt

Bilder og dikt

Helle Enger er aktuell med boka «Søster ...

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...