Årets nordiske høgtlesebok Monsterbråk i norsk utgåve

28.09.2014
Årets nordiske høgtlesebok Monsterbråk i norsk utgåve
Monsterbråk

Bøkene om Storemonster og Veslemonster er elska av både store og små. Dei har vunne ei rekkje prisar og er omsett til mange språk. I desse dagar kjem Monsterbråk, den femte boka i serien på norsk, og denne gongen er det krangling som er det sentrale temaet i boka. Monsterbråk er alt no kåra til Årets høgtlesebok 2014 av Foreningen Norden.

Monsterbøkene freistar ta opp moralske dilemma utan å moralisera, og bøkene blir til gjennom eit unikt nordisk samarbeid av svenske Kalle Güettler, færøyske Rakel Helmsdal og islandske Áslaug Jónsdottir. Det spennande samarbeidet har strekt seg over fleire år, der dei tre jobbar saman om alt frå tekst og illustrasjonar til formgjeving.

Bøkene er omsette til ei rekkje språk. I 2012 gav SKALD ut dei to fyrste bøkene i serien, og barnebokserien blei svært populære blant dei små, og første opplaget av dei to bøkene vart fort utselde. Året etter følgde forlaget opp med to nye bøker i den ettertrakta bildebokserien, Monsterpest og Monster i mørket (2013).

Den nye boka Monsterbråk er ein av tre fokustitlar under Nordisk bibliotekveke i Trondheim, som startar 10. november, blant anna med høgtlesing frå boka i bibliotek over heile Norden. Monsterbråk blei også nominert til Nordisk råds barnelitteraturpris 2013, og Áslaug Jónsdóttir er dessutan nominert til IBBY-prisen 2014.

Áslaug Jónsdottir (f. 1963) er kunstnar, illustratør, barnebokforfattar og grafisk designar frå Island. Ho har skrive og illustrert fleire barnebøker og vunne fleire prisar, blant dei den Islandske illustrasjonspris og Bokhandelsprisen 2005 på Island. Ho har også vore nominert til Nordiske barnebokpris, og dessutan nominert til IBBY-prisen 2014.

Rakel Helmsdal (f. 1966) er busett på Færøyane og har skrive både barnebøker, skodespel og noveller.

Kalle Güettler (f. 1949) er barne- og ungdomsforfattar busett utanfor Uppsala, Sverige.

Anna Hovhannisyan

Nyheter

Professor ble poet

Professor ble poet

Hun har undervist generasjoner av legestudenter ...

Lytt etter den kvite lyden

Lytt etter den kvite lyden

Lenge hamna dikta i skrivebordsskuffen. No ...

– Jeg har med egne øyne sett det

– Jeg har med egne øyne sett det

I 26 år har Ole André Lie arbeidet tett ...

Ein pensjonist med diktarånd

Ein pensjonist med diktarånd

Lysta til å skrive har vore der så ...

Song i det små

Song i det små

For Inga Robøle Hegge er livet sjølv ...

Anmeldelser

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over livets viktigste veikryss - avskjedens

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over ...

Trine-Lise Rygh er nå ute med en ny ...

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...

«Tre i én»

«Tre i én»

Prost og sokneprest Trond Bakkevigs bok «Treenigheten» ...