15 000 elevar vil ha nynorsk litteratur

20.01.2017
15 000 elevar vil ha nynorsk litteratur
Tid for ti

15 000 elevar på 7. trinn er klare til å lese nynorsk kvalitetslitteratur. Foreningen !les lanserer Tid for ti på Gloppen bibliotek onsdag 25. januar kl. 1200.

Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon på 7. trinn i norsk skule. Påmeldte elevar får ein antologi med utdrag frå ti nynorske ungdomsbøker. Opplaget er på 15 000 og aksjonen blei fullteikna ei veke før fristen.

- Interessa for Tid for ti tyder på at det er eit behov og eit ønskje frå skular i heile Noreg om meir nynorsk litteratur, og eit prosjekt som legg til rette for å lese, skrive og samtale om tekstar og bøker på nynorsk, seier prosjektleiar i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Aksjonen blei starta i 2015 og er eit samarbeid med Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. Så langt har den vore ein suksess.

- Foreningen !les har lang røynsle med nasjonale leseaksjonar, og saman med dei har Nynorsksenteret dei to siste åra nådd ut til 15 000 sjuandeklassingar over heile landet med gode ungdomsbøker på nynorsk. Tilbakemeldingane tyder på at prosjektet har gitt meir språkleg sjølvtillit til nynorskelevane, mindre fordommar mot sidemålet for bokmålselevane - og meir leselyst til alle, seier senterleiar ved Nynorsksenteret, Torgeir Dimmen.

I etterkant av lanseringa skal Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og lesegledarar reise rundt i fylket for å besøke skular saman med Foreningen !les og forfattar av Engel i snøen, Anders Totland. Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen meiner folke- og skulebibliotek har ei sentral rolle i utviklinga av leselyst.

- Fritidslesinga har stor effekt på barn og unges lesekompetanse. Difor er det så viktig å innarbeide gode lesevanar tidleg. Folke- og skulebibliotek har utvalet av trykte og digitale tekstar, dei kan samtale med lesaren om det ho eller han har lese, og dei kan arrangere lesegrupper, forfattarmøte og skriveverkstader til dømes, seier ho.

Følgande bøker er med i Tid for ti 2017:
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl (Samlaget)
Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim (Samlaget)
Engel i snøen av Anders Totland (Gyldendal)
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland (Samlaget)
Keeper´n til Tunisia av Lars Mæhle (Samlaget)
Rekrutten: grafisk roman av Robert Muchamore (Samlaget)
Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund (Mangschou)
Veslebror ser deg av Cory Doctorow (Samlaget)
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo (Cappelen Damm)
Galderstjerna av Asbjørn Rydland (Samlaget)

Om Foreningen !les

Foreningen !les er ein ideell medlemsorganisasjon som jobbar for å inspirere til meir lesing, og auka leseengasjement og interesse for litteratur blant barn, ungdom og vaksne. www.foreningenles.no

Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen, og legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med på å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk. www.nynorsksenteret.no

 

 

 

Anna Hovhannisyan

Nyheter

Professor ble poet

Professor ble poet

Hun har undervist generasjoner av legestudenter ...

Lytt etter den kvite lyden

Lytt etter den kvite lyden

Lenge hamna dikta i skrivebordsskuffen. No ...

– Jeg har med egne øyne sett det

– Jeg har med egne øyne sett det

I 26 år har Ole André Lie arbeidet tett ...

Ein pensjonist med diktarånd

Ein pensjonist med diktarånd

Lysta til å skrive har vore der så ...

Song i det små

Song i det små

For Inga Robøle Hegge er livet sjølv ...

Anmeldelser

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...

«Tre i én»

«Tre i én»

Prost og sokneprest Trond Bakkevigs bok «Treenigheten» ...

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Det er kanskje grunn til å reise spørsmålet ...

Tilbake til  Auschwitz-Birkenau

Tilbake til Auschwitz-Birkenau

Boken «Auschwitz» som kom i sommer inneholder ...