Ei forsvinning og ein bestialsk plan, innpakka i religiøse førestillingar

15.08.2014
Ei forsvinning og ein bestialsk plan, innpakka i religiøse førestillingar
Forfatterfoto

Fatima, ei 18 år gammal norsk-somalisk kvinne, vert borte frå Stord vidaregåande skule, der ho er elev. Mykje tyder på at det er familien hennar som står bak forsvinninga, og at ho skal sendast til Holland for å giftast bort til ein eldre somalisk mann. Saka tek ei ny retning når fleire avisredaksjonar mottek ein mail, skriven av ein som kallar seg for Alfred von Tirpitz, og som påstår at det er han som har bortført Fatima. I detalj skildrar han ein bestialsk plan.
Dette er opptakta til spaningsromanen "Offer" av Per Jan Ingebrigtsen, som tek opp i seg eit dagsaktuelt tema me ikkje lenger kan skyva under teppet.

Per Jan Ingebrigtsen har gjeve ut både diktsamlingar, skodespel, høyrespel og barnebøker. I alt åtte eigne skjønnlitterære bøker, pluss reine sceniske verk. Han har vore representert med dikt, songar, noveller og eventyr i fjorten antologiar på ulike forlag, samt med dikt, eventyr og scenar frå skodespel, i fleire læreverk innan norsk- og dramafaget. Han har medverka med songtekstar på til saman tolv CD-/LP-plater, bl.a. på utgjevingar med Kenneth Sivertsen, Ivar Medaas og Helge Jordal. Han har fått skodespel framført på fleire profesjonelle scenar i inn- og utland. Dette er hans første spaningsroman.

 Eg har i mange år veksla mellom å vera forfattar, teaterregissør og pedagog. I jobben min som pedagog i vidaregåande skule og folkehøgskule, har eg undervist – og vorte godt kjend med mange elevar som kjem frå andre himmelstrøk. Fleire av dei har vore unge kvinner som har streva med eigen identitet – og ikkje minst har dei streva med å frigjera seg frå ein dominerande mannskultur, som gjerne er innpakka i religiøse førestillingar. Dette kan i verste fall gå på livet laust, slik det gjer med Fatima, ein av hovudpersonane i "Offer", seier han.

 Drivkrafta hans til å skriva "Offer", har vore møte med nokre tapre unge muslimske jenter/kvinner, som ikkje ville la seg hersa med – sjølv om det i verste fall kunne føra dei ut i livsfare. Han vil også syna at det ligg "ein dynamittgubbe" innpakka i all religiøs fanatisme, uansett kva for religion me talar om.

 Eg prøver å fortelja at fanatisme er råvara i ein kvar terrorist si våpensmie. Ut over det får lesaren sjølv få finna fram til bodskapen utan teskei-hjelp frå forfattaren. Målgruppa mi er først og fremst ungdom i aldersgruppa vidaregåande skule, men eg trur også at eldre, godt vaksne lesarar, vil ha utbytte av å lesa boka, fortsett han.

 Sidan eg i utgangspunktet er mest kjend som dramatikar og regissør, tenkte eg først på å skriva eit skodespel, men eg så snart at prosjektet også kunne enda opp som ein roman, utan at eg difor har skyve teatertanken frå meg. Eg håpar sjølvsagt at romanen når ut til eit stort publikum – og at han både vil vekkja oppsikt – og fremja diskusjon, seier han til sist. 

Carsten Flo

Stikkord i denne artikkelen
Forsvinning, Bestialsk plan, Fanatisme,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Anmeldelser

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Viktig politihistorie om Møllergaten 19

Den gamle hovedpolitistasjonen i Oslo, Møllergaten ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Alltid søkende, alltid underveis ...

Mantraet «alltid søkende, alltid underveis» ...

Når et politihjerte banker

Når et politihjerte banker

Det foreligger ikke for mye litteratur skrevet ...

Konkret og direkte om Irans moderne historie

Konkret og direkte om Irans moderne hist...

Den som vil vite mer om Iran og Irans moderne ...

Refleksjon og dybde

Refleksjon og dybde

På bordet foran meg ligger Ann Kristin ...