Maler med ord

28.10.2020
Maler med ord
Lyrikkforlaget
Grethe Kjøsnes

Grethe Kjøsnes er både bildekunstnar og dikter. I 2018 gav ho ut «Utsikt», ei diktsamling illustrert med eigne maleri. No er ho igjen bokaktuell med «Havna», som kommer ut på Lyrikkforlaget. Også her står ho for både bildar og dikt.

Allsidig kunstnar

Grethe Kjøsnes beskriv seg sjølv som ei optimistisk dame på 52 år. Ho er firebarnsmor til barn i alderen 10–24 og driv til dagleg som bildekunstnar, administrator og gallerist i sitt eige hus på Bømlo. Ho har ei mangfaldig bakgrunn med utdanning og erfaring både innan bildekunst, skrivekunst og journalistikk, og ho dyrkar ein rekke interesser som fotografi, matlaging, lesing, sykling, symjing og mykje anna. – Eg er også svært glad i musikk og liker å danse og synge, fortel ho. – Ein oppvekst på gard i Fjaler med mykje trekkspelmusikk frå min far i heimen har prega meg. Eg spelte også orgel frå eg var åtte til eg var 15.

Kunstutdanninga fekk ho dels på tidlegare Jølster vidaregåande skule, der ho hadde bildekunstnar Kåre Ragnar Lien som hovudlærar, og deretter på bildekunstnarlina i Verdal med Olaf Andersen som hovudlærar. I sommarferiane gjekk ho på Skrivekunstakadamiet i Hordaland sine sommarkurs, der ho hadde Jon Fosse og Rolf Sagen som lærarar. – Mange år seinare hadde eg undervisning i moderne maleteknikkar med bildekunstnar Ellen Hegg som mentor, fortel ho. – I dag jobbar eg med både figurative og moderne, abstrakte maleteknikkar.

Kunsten hennar vekker ikkje berre merksemd her til lands, men også i utlandet. Kjøsnes er nominert til ArtTour Internationals Top 60 Masters 2020, og ho skulle eigentleg vore i Firenze og mottatt ein pris i år, men arrangementet vart utsett til neste år grunna koronaepidemien. – Fleire av bilda frå boka er omtalt i ArtTour International-magasinet, som har over to millionar lesarar over heile verda, fortel Kjøsnes. – Dette gjeld mellom anna omslagsbildet på «Havna». Dette har betydd masse for meg som kunstnar!

Kjøsnes er også invitert til digital utstilling av bildane sine i New York, der ho er nominert til New York City-prisen.

Ei trygg havn

– Eg fekk ideen til boka «Havna» då eg hadde samla saman alle dikta eg hadde skrevet i perioden 2018–2020, fortel Kjøsnes. – Eg skriv ned dikt etter kvart som dei dukkar opp i hovudet. Til slutt vart eg overraska over kor mange det hadde blitt til slutt. Tittelen til boka, «Havna», vart eit naturleg val ut frå der eg stod i livet. Eg måtte finna ei trygg havn i mitt eige liv. Spesielt då koronaen vart ein ny trussel i livet, vart dette behovet endå sterkare.

– Boka handlar om livets lyse og mørke sider, fortel forfattaren. – Dette er også noko eg er oppteken av i maleriene mine – glede, sorg, frykt, skuffelsar og evig optimisme. Å kjempa seg gjennom livets bølgjedalar. Bodskapet i boka er at ein må våga å kjenna etter på livet undervegs og ha tid til dette for å sortere og handtere dei ulike utfordringane. Livet er ofte travelt, og kva er meininga? Det hjartet ditt er fylt av, styrer deg. Gje aldri opp draumane dine, men vær samtidig takksam for dei små gledene i kvardagen. Det er tøft å kjempa, men også  godt å kunne le og grina av det i etterkant. 

Det verkelege livet

– Drivkrafta i skriveprosessen har vore mitt eige liv, fortel Kjøsnes. – Eg har følt på dette livet, og dikta er eit resultat av tankar og kjensler undervegs. Det er blitt ei ærleg, men også fabulerande bok. Ho kan være til tider surrealistisk, men også tragikomisk og morosam trass alt.

– Dikta er inspirert av mitt verkelege liv, fortel ho videre. – På godt og vondt. Frå eigne opplevingar, kjensler og frå folk eg har møtt. Symbolbruken er stort sett henta frå naturen rundt meg der eg budde i Fjaler. Folk vil nok oppleve både å kjenne seg att i kjensler og i tankar, men dei vil sannsynlegvis også sjå komiske innfallsvinklar som overraskar undervegs. Boka er fabulerande, tragikomisk, original, ærleg og ekte frå eit levd og fargerikt hjarte. Ho er vel verdt å lese og ei fin gåve!

Ei spesiell bok

– Denne boka er svært spesiell, nett som den førre boka mi, fortel Kjøsnes. – Dette er eit produkt av livet mitt med mine eigne maleri som illustrasjonar og omslag på boka. Så eg kallar boka for ei kunstbok og ikkje berre ei diktbok. Nokon liker best maleria mine, medan andre liker betre dikta mine. Men boka er eit fullstendig kunstnarisk uttrykk frå mi side.

– Eg har drevet med tekst og bildar heilt sidan barneskulen og har dikta sidan ungdomsskulen, og for meg er dette som å male med ord. Eg bruker bilda som eg har i hovudet, til å male eller dikte. Det kan variere frå tydelege til utydelege bildar, for eg skaper frå hjartet og bruker ord og bildar enten hand i hand eller kvar for seg. Eg gler meg mykje til utgjevinga og er veldig spent på tilbakemeldingar og reaksjonar på boka frå lesarar.

Kjøsnes har ingen planer om å gje opp skrivekunsten med det første. – Eg har mange idear til nye bokprosjekt. Noveller, romanar og kanskje fleire dikt. Men har ikkje kome så langt at eg har landa på noko konkret enno, fortel ho.

Vi gler oss!

Audun Rømcke

Nyheter

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forleggerforeningen

Heidi Austlid går fra IKT-Norge til Forl...

Forleggerforeningens direktør Kristenn ...

Kunstneren Tor Wilthill runder 90

Kunstneren Tor Wilthill runder 90

Tor Wilthill har et skarpt blikk og sans ...

NRK utforsker norsk slavehistorie på St. Croix

NRK utforsker norsk slavehistorie på St. ...

NRK-duoen Gokstad og Bache utforsker et mørkt ...

Når sæden svikter

Når sæden svikter

Forplantningsevnen er i fritt fall i Norge ...

Posthumt fra Jan Roar Leikvoll

Posthumt fra Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) debuterte ...

Anmeldelser

Bergen by – et slags himmelen??

Bergen by – et slags himmelen??

Kan man i fullt alvor gå rundt å ...

Et noe annerledes julehefte

Et noe annerledes julehefte

Takk og lov! Juleheftenes tid er så ...

Bydelsbok om Majorstuen og Frogner innfrir bare delvis forventningene

Bydelsbok om Majorstuen og Frogner innfrir ...

«Det er skrevet mye om Frogner; ikke så ...

Gnistrer det i ditt liv?

Gnistrer det i ditt liv?

Noe av det kjedeligste av alt, er kanskje ...

Vi kan fremdeles gå tur

Vi kan fremdeles gå tur

I koronatiden ønsker myndighetene at ...