Likar å seie mykje med få ord

20.07.2021
Likar å seie mykje med få ord
Lyrikkforlaget
Elin Eika Bringa

Elin Eika Bringa likar å uttrykke seg i korte vendingar. No er ho aktuell med diktsamlinga Mjuk som kordfløyel.

Bringa er trebarnsmamma med jobb i PP-tenesta. Relasjonar er difor noko som opptek ho tjugefire timar i døgnet. Dikta i boka handlar om kjærleik og relasjonar til born. Men også om relasjonar til foreldre eller andre nære relasjonar.

– Inspirasjonen hentar eg frå kvardagen. Ein del av dikta er skrivne mens eg ventar på at barna våre skal sovne om kvelden, spesielt dei dikta som omhandlar barneperspektivet i samlinga. Sjølv om mange av dikta er inspirert frå mitt eige kvardagsliv, handlar dei ikkje nødvendigvis om meg sjølv. Men at det er kort veg mellom himmel og helvete i nære relasjonar, det kan eg kjenne meg veldig att i, forklarer forfattaren.

 

Ho beveger seg mykje ute i det fri.

– Mange av dikta har eg skrive mens eg har gått tur i skogen. Det er mykje inspirasjon å hente frå naturen, difor har eg mange natur-bilete i dikta; som vatn, trær også vidare. Eg trur dikta treff spesielt dei som har eigne born og familie, sjølv om mange av dei også omhandlar kjærleik generelt. Der kjærleik er i biletet, er det ofte store kjensler. Både gode og vonde. Eg skriv om savn, om å være oppslukt av nokon andre, om å kjenne seg einsam og om det å bety noko for nokon. Relasjonar er på mange måtar det viktigaste vi har i livet, men ikkje det enklaste å handsama.

 

Elin Eika Bringa er oppteken av kjensler i dikta. Ho håpar det treff lesaren på same måte som ho kjende det då ho skreiv dei. Sjølv om dikt treff menneske ulikt, likar ho at ein kan seie mykje med få ord.

– Dikt har eg skrive i fleire år, og eg deler ein del av dei på instagramkontoen min (@poesi.elin.eika). Om det blir fleire diktbøker vil tida vise. Eg held også på med andre skjønnlitterære prosjekter. Draumen er å gi ut noko i denne sjangeren også. Ei barnebok hadde vore moro.

Mai Britt Hareide

Nyheter

Spotify vil gjøre lydboken til en del av hverdagslyttingen

Spotify vil gjøre lydboken til en del av ...

Spotify satser på at lydbøker ikke ...

Far og sønn på samme lag

Far og sønn på samme lag

Emil Jacobsen (10) er fersk debutant, mens ...

Folkopplysning er demokratiets treningsrom

Folkopplysning er demokratiets treningsr...

Demokratiet overlever ikke av seg selv. Det ...

Når boken selv blir fortellingen

Når boken selv blir fortellingen

På Bokmessen i Göteborg ble bildeboken ...

Historien går ikke i rett linje

Historien går ikke i rett linje

«Vi er ikke tog. Vi reiser ikke fra punkt ...

Anmeldelser

Etterkommernes arvesynd

Etterkommernes arvesynd

«Etterkommerne – skam, hat og utestengelse» ...

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over livets viktigste veikryss - avskjedens

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over ...

Trine-Lise Rygh er nå ute med en ny ...

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...