– Du er meir enn god nok

28.11.2023
– Du er meir enn god nok
Lyrikkforlaget
Benedicte Rydland Hareide

Benedicte Rydland Hareides diktbok «Eg vel meg eit sidespor» er ei reise gjennom tap, utanforskap og sjølvutvikling. Med boka vil forfattaren oppmoda alle til å velje sin eigen veg her i livet.

Hareide har flytta fleire gonger då ho var liten. Faren var lege, og jobben tok familien til fleire plassar i Noreg. Sjølv om ho snakkar meir likt bokmål, skriv ho alle dikta sine på nynorsk. Det ligg nærare ho.

– Eg har i grunnen skrive i heile mitt liv, smiler ho. – Dikta kjem som regel til meg. Det kan vere at dei berre kjem når eg går tur eller når eg kviler.

 

Diktboka «Eg vel meg eit sidespor» er ei samling av både naturdikt, kjensler og opplevingar. I naturdikta er Hareide særleg inspirert av Vestlandet.

– Handlinga går frå å gå vidare etter tap, føle seg utanfor og ikkje god nok til å gjere eit opprør, for til slutt å velje sin eigen veg i fridom og tryggleik i seg sjølv, forklarer ho.

Mange av dikta er direkte sjølvopplevde, alle følelsane som ligg bak dikta er henna eigne. Dei aller fleste dikta har også dobbel tyding, ein kan lesa dei rett fram eller ein kan sjå den vidare tydinga som ligg der.

– Boka er meint som ei oppmuntring til å leite etter seg sjølv, bli trygg nok til å vere den ein er meint å vere og kjenne at ein er meir enn god nok om ein vel eit anna livsløp enn flokken.

Karoline Løyning

Nyheter

Dikt på norsk og arabisk

Dikt på norsk og arabisk

Roula Hourani forlot Syria på grunn ...

Fann styrken i morgonljoset

Fann styrken i morgonljoset

Mona Lisa Høibø Golebiowska frå ...

– Kjærligheten er ikke alltid enkel eller fornuftig

– Kjærligheten er ikke alltid enkel eller ...

Hvor langt er vi villige til å gå ...

En konfekteske med dikt

En konfekteske med dikt

Yngve Green har skrevet dikt i årevis, ...

Når søsteren trenger mest, hvem ser da lillebror?

Når søsteren trenger mest, hvem ser da l...

I «Unik. En del av mitt hjerte» er det Koda ...

Anmeldelser

Etterkommernes arvesynd

Etterkommernes arvesynd

«Etterkommerne – skam, hat og utestengelse» ...

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over livets viktigste veikryss - avskjedens

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over ...

Trine-Lise Rygh er nå ute med en ny ...

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...