Privat
Ein einsam hegre som svevar innetter ein vestlandsk fjord i tussmørket. Det biletet har fascinert Jan Otto Hovda i årevis. No har det fått sitt eige liv i diktsamlinga «Hegresong», som kjem ut på Lyrikkforlaget. Dette er forfattarens andre diktsamling.
Ein einsam hegre som svevar innetter ein vestlandsk fjord i tussmørket. Det biletet har fascinert Jan Otto Hovda i årevis. No har det fått sitt eige liv i diktsamlinga «Hegresong», som kjem ut på Lyrikkforlaget. Dette er forfattarens andre diktsamling.
«Ein tynn strek mot vatn. Alltid mot vatn.» Slik åpnar boka, med hegren som ei urokkeleg skikkelse i grålysningen. Dette biletet følgjer lesaren heilt til siste side. Mellom fjære og fjell, kai og barndomsheim, teiknar dikta eit liv i stadig samtale med landskapet på Vestlandet. Lesaren møter ein far som forsvinner, ei tro som svikter og likevel vender tilbake, og ei verd i uro som samtidig rommar glede og ro for den som vil sjå etter det. Stramme dikt om å finne seg til rette – og å halde fast på integriteten – i ei vanskeleg verd.
Musikaren Kim Fairchild har lese boka, og beskriv henne som ei diktsamling om alt eit menneske opplever i livet, frå smått til stort, frå balanse til katastrofe, krydra med kjærleik og undring over alt som er.
Ein hegre ved Etnefjorden
Idéen til boka fekk Hovda for nokre år sidan, då han stansa bilen ved Etnefjorden og gjekk ut, noko han sjølv omtalar som ei «merkeleg» handling. Ein hegre kom svevande innetter fjorden med sakte vengeslag, langt der ute mot horisonten, og Hovda følgde den rolege flyginga heilt til fuglen landa i toppen av ei einsleg furu på eit nes.
Sidan har spørsmålet ikkje gitt han fred. Kvifor nettopp den furua? Kvifor flyg fuglen så langt for å setje seg nettopp der? For Hovda blei møtet med hegren utgangspunktet for ei djupare undersøking av det å finna – og halde fast ved – sin eigen plass i verda.
Ein tone som er unik
Den andre kilden til boka er ei forteljing om eit ritual frå Togo, der kvinnene i landsbyen samlast rundt kvart nyfødde barn. Dei tunar seg inn på den nye verdsborgaren, jammar og lagar musikk, og komponerer ein tone som er unik for nettopp dette barnet. Tonen blir ei påminning, ei støtte og ei trøyst gjennom livets ulike fasar, og blir framført for siste gong ved grava når verdsborgaren går bort, for aldri meir å lyde.
For Hovda er dette den grunnleggande tanken bak «Hegresong», nemleg å få kontakt med, og halde fast ved, sin eigen tone. Ikkje alle er songfuglar, som han sjølv seier, men alle har ei røyst, og noko som berre er i verda så lenge dei sjølve er i verda. Rundt denne kjernen har han vove inn ei mengd innfall og bilete som reflekterer det å vere til stades i verda.
Frå Tysvær til skrivebordet
Jan Otto Hovda er fødd i 1957 og oppvaksen i Haugesund-regionen, med sterk tilknyting til Tysvær. Han har lang fartstid som coach og skribent, og skriv, etter eige utsagn, heile tida. Bak seg har han ei heil mengd tekstar i ulike sjangrar, mellom anna ein god del haiku-dikt, korte prosatekstar og fleire hundre limericks – av varierande kvalitet, som han sjølv humoristisk innrømmer.
Om eige namn og opphav har Hovda ei eiga forteljing. Han er kalla opp etter døyparen Johannes, med mellomnamnet Otto «velsigna» frå begge sider av slekta, og etternamnet Hovda – hovudet, den hovudbaserte – som han beskriv som ein livslang kamp for å finne ei oscillerande rørsle mellom tanke, hjarte og magekjensle. At namnet Johannes historisk endte med at hovudet blei skilt frå kroppen, kallar han sjølv ein «skjebnesvanger kombinasjon».
Sjølv har Hovda ei ærleg og audmjuk holdning til eige forfattarskap. Han skriv at han eigentleg ikkje vil publisere noko som ikkje er på høgde med Paul Celan, men medgir at det er uråd. Med «Hegresong» har han likevel funne sin eigen tone, og gjev lesarane eit møte med hegren som blir vanskeleg å glømme.
Marie B. Gulbrandsen