Oppvekst og kjærleik eller lygnaktige sjølvbiografiar

15.08.2014
Oppvekst og kjærleik eller lygnaktige sjølvbiografiar
Forfatterfoto

Skildringar om verda. Eller iallfall ei verd. Eit kort glimt av kva som kunne skjedd. Om berre. Om kanskje. Eit hurtig lyn. Ein eksplosjon. Ei løgn pakka inn i sanning. Stillteiande bilete. Hole tomrom. Skjult draum. Nostalgiskrik i torevêr. Gisp og stønn. Lattermilde glefs med ei aldri så lita dose med kynisme. Regnvêr og sol. Og ei aning punk.

Kim Solvang Andersen debuterar med boka "Memoria".

Ideen til boka, eller dei første par tekstane, forma seg så vidt ei natt eg låg og ikkje fekk sove, så balla det berre på seg frå det punktet. Eg ville skrive noko som handla om oppvekst og kjærleik ved å ta eit lite utgangspunkt i mitt eige liv, men samstundes gjere det fiktivt. Men det må seiast at ein god del av drivkrafta nok gjerne er eit ønske om økt grad av informasjon og forståing når det kjem til psykiske lidingar  - eit tema som diverre ikkje vert så godt informert om, seier Kim Solvang Andersen.

Kim Solvang Andersen (f. 1986) har skrive i mange år. Han er fødd og oppvaksen i Svelgen i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane. Flytta til Sandnes for nokre år sidan, fast bestemt på å skulle verte kunstnar. Eller forfattar. Etter to år på kunstskulen i Rogaland vart han diverre litt desillusjonert kva gjaldt biletkunst og den slags, og satsa heller på forfattaryrket. Han er forlova med ei fantastisk og tålmodig dame, som alltid tek seg tida til å lese gjennom skribleriene hans. Han er lidenskapeleg opptatt av musikk, og har nyleg begynt å samle på vinylplater. Altfor seint, meiner han sjølv.

Eg liker å tru at bodskapen er at ting alltid kjem seg. At det ordnar seg og vert betre, uansett kva det er. Det er alltid eit ljos i enden av tunnelen, så å seie, seier han.

Målgruppa er i all hovudsak folk som vaks opp på same tid som meg. Min generasjon, som kanskje kan kjenne seg igjen i ein del av tekstane. Men om eg når ut til fleire, og då spesifikt tenåringar, er jo ikkje det ille. Eg valte tittelen "Memoria" fordi tekstane i all hovudsak er erindringar og fabuleringar kring minner.

Boka er ei samling tekstar som best kan beskrivast som løgnaktige sjølvbiografiar. Mykje av det som står i tekstane er sanning, men mykje av det er anten overdrive, eller beint fram løgn. Eg tek føre meg korleis det var å vokse opp. Med alt som er av usikkerhet og redsle. Psykiske lidingar er også eit gjennomgåande tema, då eg meiner at det er alt for lite opplysing om dette temaet i landet vårt. Håplaus romantikar som eg er, er sjølvsagt kjærleik eit gjennomgåande tema og, fortsett han.

Eg vil gjerne at folk skal lese boka, og kanskje finne inspirasjon og glede i ho. Meir forventningar enn det trur eg ikkje eg har.

Carsten Flo

Stikkord i denne artikkelen
Memoria, Kim Solvang Andersen,

Nyheter

Lesemilliarden: Grei start

Lesemilliarden: Grei start

Regjeringen ligger nesten 50 millioner bak ...

Når ordene kommer av seg selv

Når ordene kommer av seg selv

Liv Rønnaug Kråkevik Åberg ...

Identitetspolitikkens død levende debattert

Identitetspolitikkens død levende debatt...

Under årets bokmesse i Gøteborg ...

Feiret sin første diktsamling

Feiret sin første diktsamling

Forfatter Kristin Grankvist feiret lanseringen ...

Fra indre mørke til poetisk lys

Fra indre mørke til poetisk lys

Med en oppvekst i Oslo og en langvarig interesse ...

Anmeldelser

«Fars nei» - om å stå opp for en sak

«Fars nei» - om å stå opp for en sak

År om annet kommer det fremdeles bøker ...

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads spennende liv i og utenfor Den katolske kirke.

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads ...

Jeg har aldri hatt den utsøkte glede ...

Ole Paus forteller om sitt liv

Ole Paus forteller om sitt liv

Forsiktig og ydmykt bør leseren begynne ...

Narsissistens hemmelighet

Narsissistens hemmelighet

Det kan hende at boken «Den Fabelaktige Narsissisten» ...

Inn i konteksten med  Gunnar Sønsteby

Inn i konteksten med Gunnar Sønsteby

Det var med ungdommelig spenning og sann ...