Fjærefantar og kråkebollar i ny bildebok

18.06.2014
Fjærefantar og kråkebollar i ny bildebok
Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Forfattaren Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby gir i desse dagar ut den sommarlege bildeboka Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar. Forfattar og illustratør har funne inspirasjon i sjøkanten, og den badeglade lesaren får møte både sjøstjerne, strandsnigel, tanglopper og andre krabatar frå hav, fjord, strand og fjæresteinar.

– Å vasse i strandkanten for å sjå etter små dyr er favorittaktiviteten til ungar, og det er for dei eg har laga denne boka. Men foreldra må gjerne reise seg frå solstolen og bli med på oppdagingsferda dei óg, seier Lisbeth Dreyer.

I boka har kvar fjærefant fått sitt eige vesle, humoristiske dikt med rim, rytme og poetiske skildringar og teikning av prisvinnande Per Ragnar Møkleby.

– Fjærefantar er fine fantar som det er topp å teikne! Eg håpar boka kan gjere både lesestunda og turen til fjæra rikare, seier illustratøren.

Per Ragnar Møkleby vart seinast i vår premiert med både Kritikarprisen og Kulturdepartementets bildebokpris for 2013. Telemarkingen har tidlegare illustrert både bøker, aviser og blad, og dette er hans femte billedbok.

Lisbeth Dreyer frå Bergen er både filmskapar og forfattar, med ei rikhaldig liste bak seg av filmar og bøker. Som filmskapar er Lisbeth Dreyer mest kjend for kortfilmen Aurora Borealis, som mellom anna vann pris for beste fiksjonsfilm i Frankrike i 2004. På SKALD forlag har Dreyer tidlegare gitt ut Luisa og Ugla (2013), og debuterte som barnebokforfattar i 2008.

Redaktør -

Nyheter

Professor ble poet

Professor ble poet

Hun har undervist generasjoner av legestudenter ...

Lytt etter den kvite lyden

Lytt etter den kvite lyden

Lenge hamna dikta i skrivebordsskuffen. No ...

– Jeg har med egne øyne sett det

– Jeg har med egne øyne sett det

I 26 år har Ole André Lie arbeidet tett ...

Ein pensjonist med diktarånd

Ein pensjonist med diktarånd

Lysta til å skrive har vore der så ...

Song i det små

Song i det små

For Inga Robøle Hegge er livet sjølv ...

Anmeldelser

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...

«Tre i én»

«Tre i én»

Prost og sokneprest Trond Bakkevigs bok «Treenigheten» ...

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Det er kanskje grunn til å reise spørsmålet ...