Jugoland. Om Jugoslavia, nordmenn og nye land på Balkan.

04.10.2021
Jugoland. Om Jugoslavia, nordmenn og nye land på Balkan.
Forlagshuset Commentum
Kristian Hagestad

Kva står att av Jugoland?

Jugoslavia hadde eit nært forhold til Noreg og nordmenn. Dei to landa, som geografisk var plasserte i to hjørne av Europa, utvikla tett samarbeid og kontakt. Under den kalde krigen var vennskapet mellom den sosialdemokratiske NATO-staten og den kommunistiske eittpartistaten eit unikt fenomen. På 1990-talet gjekk Jugoslavia i oppløysing. Brutale krigar utspann seg. Sju nye statar oppstod. Korleis blei Jugoslavia til? Kva var bakgrunnen for vennskapet med Noreg? Kvifor sprakk Jugoslavia? Korleis har dei sju nye statane utvikla seg? Kva har skjedd med relasjonen til Noreg? Kva står att av «Jugoland», dei positive elementa i arven frå Jugoslavia? Boka gir svar på mange spørsmål nordmenn kan stille om Jugoslavia og nye Balkan-land.


Kristian Hagestad (f. 1946) er frå Agder. I meir enn femti år har han følgt utviklinga i det tidlegare Jugoslavia gjennom eit trettitals opphald i området, personlege kontaktar og regionale media. Han har skrive ei rekke kronikkar i media om temaet. I ni år hadde han oppdrag i eks-Jugoslavia for menneskerettsutvalet i Den norske legeforening. Hagestad er lege med spesialitet i samfunnsmedisin og var fylkeslege i Vest-Agder i 24 år. Tidlegare har han utgitt og bidratt til bøker innan helsefag.

 

BOKFAKTA:

Tittel: Jugoland. Om Jugoslavia, nordmenn og nye land på Balkan

Forfatter: Kristian Hagestad

ISBN: 9788284161624

Format: 17 x 24

Antall sider: 320

Innbinding: innbundet

Utsalgspris kr 449.00

Mai Britt Hareide

Nyheter

Ein pensjonist med diktarånd

Ein pensjonist med diktarånd

Lysta til å skrive har vore der så ...

Song i det små

Song i det små

For Inga Robøle Hegge er livet sjølv ...

Diktene til Holien vokste i hagen

Diktene til Holien vokste i hagen

Etter en oppfordring eller to fra Facebook-følgere ...

Lytter vi til ungdommen?

Lytter vi til ungdommen?

Helen Lid Furu er aktuell med romanen De ...

En hyllest til kvinner

En hyllest til kvinner

Kvinnekraft, kvinnekamp, morskap og migrasjon. ...

Anmeldelser

Sett gode ideer ut i livet!

Sett gode ideer ut i livet!

«Når man får en god idé gjelder ...

Kjærlighet og ærlighet

Kjærlighet og ærlighet

De midterste bokstavene i ordet «kjærlighet» ...

Å behandle traumer

Å behandle traumer

KI definerer traumer på denne måten: ...

Kvinnene i Ravensbrück

Kvinnene i Ravensbrück

Under krigen satt 104 norske kvinner fengslet ...

Hva er en god politimann?

Hva er en god politimann?

«Gode politifolk – en profesjonsetikk for ...