Alta-poet med vestlandske røter

19.11.2024
Alta-poet med vestlandske røter
Lyrikkforlaget
Benedicte Rydland Hareide

Benedicte Rydland Hareide er aktuell med si tredje diktsamling, «Det ville graset». Den erfarne læraren og poeten frå Alta hentar inspirasjon frå både Nord-Noreg og Vestlandet i sine nye dikt.

- Eg er fødd i Tromsø, men har budd mange stader. Vestlandet ligg mitt hjarte nært, fortel Hareide. Ho har røter på Stord og Hareid, og budde i Stryn og Molde i oppveksten. No er ho busett i Alta med mann og to vaksne born.

I mange år underviste Hareide i norsk, historie, filosofi og religion ved Alta vidaregåande skole. No nyttar ho tida til å skrive.

- Det er mi hovudinteresse, sjølv om eg òg speler piano og prøver å lære meg å måle, seier ho.

 

«Det ville graset» inneheld dikt om alt frå kjærleik og tap til krig og frykt. Naturen spelar ei viktig rolle i mange av dikta.

- Dei fleste har ei handling eller utvikling, men kan òg skildre ei stemning, forklarar Hareide.

Ho skriv på nynorsk, sjølv om ho snakkar meir bokmål til dagleg.

- Nynorsken ligg meg nærast når eg skriv dikt, seier ho.

 

Hareide hentar inspirasjon frå mange kjelder.

- Det kan vere noko eg ser på tur, ein replikk frå ein film, eller glimt frå nyheitene.

Ho legg til at mange av dikta er baserte på eigne opplevingar.

Med «Det ville graset» vonar Hareide å nå lesarar frå vidaregåande alder og oppover.

- Ein må vere litt vaksen for å få meir ut av dikta, meiner ho.

Hareide er allereie i gang med nye prosjekt, inkludert humoristiske noveller. Men det er lyrikken som ligg henne nærast:

- Eg er i gang med å notere strøtankar som eg vonar vil bli til ei ny diktbok etter kvart.

 

Mai Britt Hareide

Nyheter

Hallo, er Casper hjemme?

Hallo, er Casper hjemme?

Trygve Wikstøl (67) har brukt et helt ...

Dagbok fra kjøkkenet på 79 grader nord

Dagbok fra kjøkkenet på 79 grader nord

I en tiårsperiode vendte Dagrunn Grønbech ...

– Poesi er det vi ikke kan uttrykke på annen måte

– Poesi er det vi ikke kan uttrykke på annen ...

Mot slutten av mai 2024 fikk Karin, Robert ...

Grieg møter vestlandske troll og dikt i Åsane

Grieg møter vestlandske troll og dikt i ...

Torsdag 5. november fylles Multisal i Åsane ...

Dikt på norsk og arabisk

Dikt på norsk og arabisk

Roula Hourani forlot Syria på grunn ...

Anmeldelser

Etterkommernes arvesynd

Etterkommernes arvesynd

«Etterkommerne – skam, hat og utestengelse» ...

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over livets viktigste veikryss - avskjedens

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over ...

Trine-Lise Rygh er nå ute med en ny ...

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...