Posthumt fra Jan Roar Leikvoll

20.09.2019
Posthumt fra Jan Roar Leikvoll
Tove Breistein
Jan Roar Leikvolls "Heimatt" blir utgjeve posthumt.

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) vart publisert posthumt. No kjem ei ny roman posthumt frå Jan Roar Leikvolls hand, Heimatt.

Han vart frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.

Om Heimatt: Ingmar har flytta til enklaven, der han lever eit bekymringsfritt liv som prostituert på eit attraktivt bordell. Men då han oppdagar at opphaldsløyvet er borte, og prøver å skaffe seg eit nytt, legg ei rekkje byråkratiske prosedyrar hindringar i vegen for han. Det har skjedd ei haldningsendring i byen: Folk er meir aggressive og mistenksame overfor framande. Ordensvernet patruljerer gatene stadig hyppigare og går hardt fram mot dei som ikkje passar inn. Ingmar innser at byen ikkje lenger er ein trygg stad for han. Til og med Stjerna, hans beste venn og støttespelar, må til slutt insistere på at han drar.

Kafka var eit av førebileta til Jan Roar Leikvoll og ei av inspirasjonskjeldene for Heimatt. Boka viser oss breidda av arbeidet til Leikvoll, blant anna gjennom alle referansane til andre manuskript han jobba med parallelt, ved at det litterære universet denne gongen er lagt nærare vår verd, og gjennom ein tydelegare humor. Likevel er det eit gjenkjenneleg mørke og
ein alvorleg undertone i romanen når han viser kva menneska er i stand til å gjere mot kvarandre når høvet ligg til rette for det.

Etterord ved Christine Leikvoll og David Aasen.

Trond Nilsen

Stikkord i denne artikkelen
jan roar leikvoll, heimatt, samlaget,

Nyheter

Dikt på norsk og arabisk

Dikt på norsk og arabisk

Roula Hourani forlot Syria på grunn ...

Fann styrken i morgonljoset

Fann styrken i morgonljoset

Mona Lisa Høibø Golebiowska frå ...

– Kjærligheten er ikke alltid enkel eller fornuftig

– Kjærligheten er ikke alltid enkel eller ...

Hvor langt er vi villige til å gå ...

En konfekteske med dikt

En konfekteske med dikt

Yngve Green har skrevet dikt i årevis, ...

Når søsteren trenger mest, hvem ser da lillebror?

Når søsteren trenger mest, hvem ser da l...

I «Unik. En del av mitt hjerte» er det Koda ...

Anmeldelser

Etterkommernes arvesynd

Etterkommernes arvesynd

«Etterkommerne – skam, hat og utestengelse» ...

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over livets viktigste veikryss - avskjedens

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over ...

Trine-Lise Rygh er nå ute med en ny ...

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...