Song i det små

08.06.2026
Song i det små
Inga Robøle Hegge

For Inga Robøle Hegge er livet sjølv ein melodi. No debuterer ho som lyrikar med diktsamlinga Stort i smått, der naturen, minna og dei små augeblikka får ord.

– Heile dagen min er for det meste ein song, ofte med kjenslevare undertonar, seier ho.

 

Hegge er fødd og oppvaksen i ei fjellbygd i Valdres, men bur i dag på det ho sjølv kallar naturfagre Jeløy ved Moss. Ho er utdanna ved Norges musikkhøgskole, har gjeve ut album med eigne tekstar og musikk, og ho har skrive tekstar og musikk til fleire eigenproduserte musikkdrama. Stort i smått er den fyrste samlinga hennar med dikt.

 

Det vesle, det såre og det bortgløymde får sin plass i diktinga. Naturen er både kjelde og biletspråk, og fleire av dikta ber i seg minne og preg frå oppveksten under fjellet.

– Naturen ikring meg, den mangfaldige fuglesongen i lune skogar eller det vesle pipet frå den einslege, vesle fuglen oppe på fjellvidda, dei frodige åkrane nede på flatlandet og det karrige, bratte lendet i fjellbygda – kontrastane gjev meg inspirasjon og undring, seier ho.

I desse kontrastane finn diktinga rytmen sin. Mellom det høge og det låge, det varme og det kalde, gleda og sårheita. Sjølv dei minste hendingane i kvardagen kan opne for ettertanke og for humor.

– Ein fot som i vanvare trakkar ihel ei lita humle eller ei fluge som eg tiltenkt kastar ut på snøen, er små hende som gjev refleksjonar og eit humoristisk tilsnitt, seier forfattaren, og forset: – Det såre, men ogso den brusande gleda og elsk, får merksemda mi.

 

Hegge er gift, har to barn og fire barnebarn. Livet rommar mykje, og kanskje er det ikkje siste gongen lesarane høyrer frå henne. Sjølv let ho det stå opent:

– Kan det vera at ein liten roman er i emning?

 

David Espeland

Nyheter

Professor ble poet

Professor ble poet

Hun har undervist generasjoner av legestudenter ...

Lytt etter den kvite lyden

Lytt etter den kvite lyden

Lenge hamna dikta i skrivebordsskuffen. No ...

– Jeg har med egne øyne sett det

– Jeg har med egne øyne sett det

I 26 år har Ole André Lie arbeidet tett ...

Ein pensjonist med diktarånd

Ein pensjonist med diktarånd

Lysta til å skrive har vore der så ...

Song i det små

Song i det små

For Inga Robøle Hegge er livet sjølv ...

Anmeldelser

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...

«Tre i én»

«Tre i én»

Prost og sokneprest Trond Bakkevigs bok «Treenigheten» ...

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Det er kanskje grunn til å reise spørsmålet ...

Tilbake til  Auschwitz-Birkenau

Tilbake til Auschwitz-Birkenau

Boken «Auschwitz» som kom i sommer inneholder ...

Bli med inn i Sonderlager Stutthof

Bli med inn i Sonderlager Stutthof

Det kan virke som om krigen 1940-1945 aldri ...