Ein pensjonist med diktarånd

09.06.2026
Ein pensjonist med diktarånd
Mona S. Olsen

Lysta til å skrive har vore der så lenge Mona S. Olsen kan hugse. Og det skulle ikkje meir til enn ein blåveis i hagen til besteforeldra for å kjenne at noko vakna, det ho sjølv kallar «diktarånda».

Sidan den gongen har lysta til å omsette kjensler til skrivne ord aldri sleppt taket. No er ho pensjonist, busett ikkje langt frå Iddefjorden, og ho er endeleg klar for å gje ut bok.

 

Mona S. Olsen er fødd og oppvaksen i Halden. Ho skildrar barndomen sin som trygg og rik på fridom til leik og kreativitet, med naturen tett på.

– Ein stor del av meg har blitt forma gjennom ei trygg oppvekst i nær tilknyting til naturen. Ein barndom der leik og kreativitet hadde dei beste vilkåra, seier ho.

Det kreative uttrykket har tatt mange former gjennom åra. Ho har måla bilete, teikna, strikka og skrive. I yrkeslivet starta ho som keramikkarbeidar og arbeidde seinare som seljar og vindaugsdekoratør i skoforretning. 

 

I meir enn to tiår arbeidde Mona i barnehage, ein sektor ho omtalar med begeistring.

– Ein fantastisk arbeidsplass med små og store menneske i samspel med kvarandre.

Mykje av grunnlaget for dikta kjem frå erfaringane i barnehagejobben, og interessa for menneske og det indre livet deira har ho bore med seg sidan.

– Eg har så lenge eg kan hugse vore interessert i menneske og «uttrykka» deira. Gjennom erfaring har eg opplevd at det å sjå kvarandre, gje stadfesting og aksept bidrar positivt inn i liva til folk.

 

Vandring i ljos og skugge er ikkje eit mørkt verk. Tvert imot er det ein grunnleggande optimisme i verket, og denne optimismen er kanskje mest av alt forankra i ei tru på menneskeverd:

– Dikta er meint å formidle at kvar og ein av oss er unik og at vi har same verdi. Som eg skriv: «Eg er meg. Eg kan ikkje vere nokon annan.»

Ho peiker på at vi alle ber med oss vår eiga historie. Gleder og sorger frå det livet som er levd, og gleder og sorger i livet no. Ikkje alle livshistorier ønsker å bli fortalde, men dei fleste menneske treng anerkjenning av eksistensen sin.

– Vi er alle sårbare i kraft av det å vere menneske. I denne forståinga spring nestekjærleiken ut. Ein kjærleikskraft som bringer lykke og von.

 

Diktsamlinga er skriven på nynorsk, og det er ikkje tilfeldig. For Mona er valet av målform ein integrert del av det kunstnariske uttrykket.

– Eg har valt å uttrykke meg gjennom det nynorske språket, eit språk eg har forkjærleik til og opplever som kraftfullt, seier forfattaren.

 

Vandring i ljos og skugge er gitt ut på Forlagshuset Publica og er Mona S. Olsens debut.

 

David Espeland

Nyheter

Dikt på norsk og arabisk

Dikt på norsk og arabisk

Roula Hourani forlot Syria på grunn ...

Fann styrken i morgonljoset

Fann styrken i morgonljoset

Mona Lisa Høibø Golebiowska frå ...

– Kjærligheten er ikke alltid enkel eller fornuftig

– Kjærligheten er ikke alltid enkel eller ...

Hvor langt er vi villige til å gå ...

En konfekteske med dikt

En konfekteske med dikt

Yngve Green har skrevet dikt i årevis, ...

Når søsteren trenger mest, hvem ser da lillebror?

Når søsteren trenger mest, hvem ser da l...

I «Unik. En del av mitt hjerte» er det Koda ...

Anmeldelser

Etterkommernes arvesynd

Etterkommernes arvesynd

«Etterkommerne – skam, hat og utestengelse» ...

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over livets viktigste veikryss - avskjedens

«Lyset over Krokskogen» - reflekterer over ...

Trine-Lise Rygh er nå ute med en ny ...

En vaskeekte politimann om den mentale beredskap

En vaskeekte politimann om den mentale b...

Det er utrolig interessant. En vaskeekte ...

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...