Ventemannen og tentakkeldyret

14.03.2023
Ventemannen og tentakkeldyret
Lyrikkforlaget
Ola Grøvdal

Dikt for pårørande og berørte

Det er mange som er pårørande. Det er mange som er ramma. Det er så mange som lever midt i ei stor sorg. Omtanken for andre er ein så viktig del av liva deira at dei ofte sine eigne på vent. Det er så mange ventemenn og -kvinner. Desse dikta forsøker å leite fram ord for dei tankane og kjenslene som held dei vakne, uroar dei når som helst, skiplar om på tilværet. 

 

Det er lett å gløyme kjærleiken og samværet med andre når alvorleg sjukdom og kriser rammar. Desse dikta fortel òg om dagane med smilefjes på, om den vesle berøringa som inneheld så uendeleg mykje omtanke, om dei lyskjeldene som berre er glimt av det gode, men likevel held tilværet saman.


«Ventemannen og tentakkeldyret» er ei samling av ærlege, nakne og varme dikt om korleis det er å leva eit fullverdig liv med eller tett på kronisk sjukdom. Ei samling dikt om dei berørte. Ei samling dikt som berører.

 

Ola Grøvdal (f. 1953) voks opp i Rørvik i Nærøysund der han bur no, men han har og budd og arbeidd som lærar, inspektør og rektor i den vidaregåande skolen i Vardø og i Numedal. I 2013 mista han kona si etter mange års kreftsjukdom.

 

Han har tidlegare gitt ut fem diktsamlingar, roman, noveller og barnebok. Han er prisbelønt for dikta sine og for romanen. Han har skrivi fleire teaterstykke for barn og fleire lokalhistoriske stykke, seinast musikkteaterstykket om forliset til hurtigruteskipet Sanct Svithun i 1962. Han er ein ivrig friluftsmann og ferdast like gjerne på sjøen
med årer eller motor som i fjellet til fots, på ski eller med hest.

 

BOKFAKTA:

Tittel: Ventemannen og tentakkeldyret

Forfatter: Ola Grøvdal

ISBN: 9788283983159

Format: 13 x 20

Antall sider: 76

Innbinding: innbundet

Utsalgspris kr 298.00

 

Mai Britt Hareide

Nyheter

Professor ble poet

Professor ble poet

Hun har undervist generasjoner av legestudenter ...

Lytt etter den kvite lyden

Lytt etter den kvite lyden

Lenge hamna dikta i skrivebordsskuffen. No ...

– Jeg har med egne øyne sett det

– Jeg har med egne øyne sett det

I 26 år har Ole André Lie arbeidet tett ...

Ein pensjonist med diktarånd

Ein pensjonist med diktarånd

Lysta til å skrive har vore der så ...

Song i det små

Song i det små

For Inga Robøle Hegge er livet sjølv ...

Anmeldelser

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Frans av Assisi – en helgen for vår tid?

Man skal ikke ha gått så mange ...

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp?

Er selvhjelpsbøker til god selvhjelp? ...

«Tre i én»

«Tre i én»

Prost og sokneprest Trond Bakkevigs bok «Treenigheten» ...

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Narsissisme – er det en folkesykdom?

Det er kanskje grunn til å reise spørsmålet ...

Tilbake til  Auschwitz-Birkenau

Tilbake til Auschwitz-Birkenau

Boken «Auschwitz» som kom i sommer inneholder ...